Arego
kw:!support_us

ALt klart for Karmøy maraton 2017

17.11.2017 |Nils Hetleflåt

På laurdag er alt klart for Karmøy maraton, som inneheld maraton, 1/2-maraton og 10 km, i Kopervik. Løparane frå Stord IL-friidrett skal springa 10km og det vert spennande å sjå korleis dei ligg an no før ein går inn i vintersesongen. Følgjande er meldt på innan 16.november: Lars Lunde, Jacob Hystad, Arne Jordåen, Vegard Havn, Ole Christer Kvellestad, Pernilla Eugenie Epland og Katrine Hillestad. I tillegg er det fleire løparar frå Stord som stiller.

Størst forventning er det til Lars Lunde som har trent godt denne hausten og han er ein av favorittane på 10 km i herreklassen. Pernilla Epland er favoritt i dameklassen.

Resultat finn ein her: www.eqtiming.no

 

Kontakt