Arego
kw:!support_us
  • Nytt sterkt løp av Pernilla i Strandebarm søndag 18.juni

    På stemnet Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm søndag 18.juni sprang Pernilla inn til nok ein personleg rekord på 1500m, då ho drog samtlege metrar i front av løpet og kom inn til tida 4,33,06. Dette er og forbetring av lagsrekorden til Stord då det var Pernilla som hadde den gamle. Med dette så har ho forbetra seg med nær 10 sekund sidan ho debuterte på distansen 3.mai

    18.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø nær vm kravet på 3000m hinder i Leiden

    På 3000m hinder i nederlandske Leiden laurdag kveld var Tom Erling Kårbø nær vm-kravet på 3000m hinder, då han sprang inn til seier med tida 8,34,19 og ny personleg rekord. Dette var bare 2,19 s b\ak kravet.

    18.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • God avslutning fro Stord utøvarane på tredje dag på Tyrvinglekene

    Nok ein dag med flotte forhold på Nadderud då Tyrvinglekene hadde sin avslutningsdag. 

    18.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Stord utøvarane følger opp på andre dag i Tyrvinglekene 2017

    Mange sterke resultat av utøvarane frå Stord på andre dag av Tyrvinglekene 2017. Nok ein dag med flott temperatur og fint vêr på Nadderud.

    18.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Sterk første dag av Stord utøvarane på Tyrvinglekene

    Under flotte forhold på Nadderud med nær vindstille, halvskya og ein temperatur på godt over 20 grader presterte Stord utøvarane perser på løpande bånd.

    16.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Sterkt løp av Pernilla Epland på Bislett Games

    Pernilla E. Epland  og Thomas M. Heggøy pretsterte sterke løp  Bislett Games torsdag 15.juni 2017 og begge satte kraftige personlege rekordar. 

    16.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Førehandsomtale av stemner frå 15.-18juni 2017

    Det byrjar allereie på torsdag 15.juni når Pernilla Eugenie Epland skal delta på 1500m under Bislett Games. På dette sagnomsuste stemnet skal ho delta på forøvelsane og saman med 14 andre kvinnelege løparar skal ho starta kl 18:45 på torsdag kveld.

    14.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Bli med på idrettsleikar 2017

    Idrettsleikar vert arrangert for born frå 6-12 år i perioden måndag 3. juli til fredag 7. juli.

    11.06.2017 |Vegard Havn
  • Resultat bruløpet og 1/2-maraton 7.juni 2017

    Det var eit flott vër som møttte løparane på dagens bruløp og halvmaraton, ca 18 grader varmt og litt drypp frå oven , samt eit lite vindpust. På halvmaraton var det 21 løparar som møtte opp til start, medan 43 løparar stilte opp på 10 km..

    07.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling på 5000m i Nijmegen

    Fredag kveld var Tom Erling Kårbø på startstreken på 5000m i nederlandske Nijmegen. Håpet var ei tid ned mot 14,00 min. I feltet var det 25 løparar som stilte på startstreken og farten var forholdvis roleg i starten, men når den vart skrudd opp etter 1200m var Tom Erling for langt bak i feltet slik at han ikkje kom seg med i første pulje. DErmed vart han liggjande i den andre pulja og etter ei passering på 8,36 min på 3000m vart avslutninga atskilleleg sterkare og han sprang inn til 6.plass med tida 14,10,27. Dette var 2 sekund bak hans personlege rekord, men som han skreiv i ein sms: "eg fekk ei god avslutning slik at det vart ei positiv oppleving på løpet".

    05.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering av dag 3 på Framolekene

    Når tredje dag av Framolekene starta var det tilbake til grått vêr og forholdsvis kjøleg temperatur, men på sprinten var løpsretninga snudd slik at det vart medvind.

    05.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering av dag 2 på Framolekene

    Sola gjorde seg klar slik at det vart ein fin dag på Fana stadion for alle utøvarane i dag. Først i aksjon var rekrutten Andreas Kringeland (9) som i lengdegropa strekte seg 2,29 m ut i sanden. Neste i aksjon var Julian (14) på 80m hekk og her vart det eit svært jamnt løp som Julian drog i land seieren med tida 12,10s mot 12,21 for 2.plass. På 60m i jenter 13 år sprang Nora i første heat og med tida 10,07s, som er ny pers for henne, vart det 4.plass i heatet. I det andre heatet sprang Ingvild inn til ny pers med tida 8,98s og seier. Totalt gav det 8.plass i klassen for Ingvild og 26.plass for Nora. I jenter 18/19 år sprang Tone (18) inn til seier med tida 8,07s i svak motvind. I rekrutt klassen sprang Andreas inn til tida 11,44 som er ny pers.

    05.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering av første dag på Framolekene

    Under første dag av Framolekene var det lett yr og eit lite vindpust, samt ein kjøleg temperatur som møtte deltakarane på Fana stadion. Utover kvelden vart det betydeleg surare forhold.

    03.06.2017 |Nils Hetleflåt
  • Førehandsomtale av stemner som kommer til helga 2.-4.juni

    Til helga vert eit av dei største stemna på Vestlandet arrangert på Fana stadion, i det Framolekene går av stabelen 2.-4.juni. Frå Stord IL er det 13 deltakarar, som er påmedlt i 37 øvelsar. All informasjon om stemnet finn du på www.framolekene.no

    31.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering frå Oordegem

    Under flotte forhold i den belgiske byen Oordegem sprang Tom Erling Kårbø 3000m hinder laurdag kveld. I eit felt med 33 løparar på startstreken var det temmeleg mykje knuffing ut frå start og farten var høg for å finna seg posisjonar. Tom Erling opna friskt og låg rundt 8.plasss i feltet med ei passering på 69,5s på ein lang runde. Deretter var det 68 s på dei to neste rundane og likt til skjema på 8,32 min. Dette skulle imidlertid visa seg å vere litt for hard opning av løpet og med 70,0-70,6-71,7 på dei 3 neste rundane var håpet om kravet ute for lengst. Han klarte å tyna ut litt ekstra på siste 600m, men på langt nok det som krevdes.

    30.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering frå Sparebankleikane i Byrkjelo

    Julian Skimmeland Aasheim (14) var einaste Stord utøvar som var tatt ut på kretslaget til Hordaland for 13-14 åringar, som reiste til kretskamp imot Sogn og fjordane i Byrkjelo.

    30.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering frå Mailekene i Haugesund

    Årets Maileker i Haugesund vart arrangert i fine forhold og for Stord sine utøvarar vart det mange gode resultat og ei ras av nye personlege rekordar:

    30.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Stor aktivitet på friidrettsfronten til helga 27.-28.mai

    Det skjer mykje kommande helg på friidretten for Stord IL-friidrett sine utøvarar. På laurdag skal Tom Erling Kårbø springa 3000m hinder i Oordegem i Belgia og prøva å kvalifisera seg for VM. Han må då komma i mål på ei tid under 8,32,00.

    25.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Pernila Epland vann 5 km i Haugesund laurdag 20.mai

    Pernilla Eugenie Epland reiste til Haugesund for å springa 5 km gateløp laurdag 20.mai grunna dei 2 første løpa på Tour de Stord vart avlyst. På det 5 km lange løpet som bestod av 3 rundar i Haraldsvangen med start og mål på Haugesund stadion sprang ho inn til tida 17,26 min og vann kvinneklassen. Totalt vart ho nr. 3 i løpet.

    25.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Ny løyperekord på Stord rett opp for kvinner

    Det var totalt 26 deltakarar som stile opp på årets utgave av motbakkeløpet Stord rett opp på søndag 21.mai. Medan vêret var fint på føremiddagen, så kom det eit kraftig regnskyll ein halv times tid før løpet og det holdt seg til løpet på det nærmaste var ferdig. Det einaste positive var at vinden kom i ryggen på løparane oppover fjellet.

    22.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Andre dag av NM mangekamp

    Under andre dag av mangekampen på Arna stadion innleia Tone med resultatet 5,13m i lengde i ein svak motvind. I spyd konkurransen vart det ny pers med resultatet 24,16 m, før ho avslutta med ein 800m på tida 3,13,27. 

    22.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Første dag av NM mangekamp på Arna stadion

    Under første dag av NM i mangekamp på Arna stadion har Tone S. Brakedal (18) i kvinner junior innleia med 2 personlege rekordar. På 100m hekk kom ho inn til tida 15,63, som er ny pers. I høgde vart det 1,54 m, noko som er 1 cm under pers. I kulestøt vart det ikkje full klaff då det lengste støtet vart 8,45 m og det er over 1 m bak personleg rekord. Derimot vart det ny pers på 200m med tida 27,26 og det er ikkje lenge igjen før det bikker under 27s.

    21.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå seriestemne torsdag 18.mai

    På torsdagens treningsstemne på Fana stadion, under flotte forhold var Lars Lunde første stordabu i aksjon. På 800m kom han inn til 4.plass med tida 2,01,  etter ein første runde på ca 59,5.

    21.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Løp 1 og 2 på Tour de Stord er avlyst

    Grunna liten påmelding til Tour de Stord så er 1. og 2.løp på laurdag 20.mai AVLYST.

    18.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • NM mangekamp på Arna i Bergen 20.-21.mai

    Til helga er det klart for NM i mangekamp som vert arrangert av IL FRI på Indre Arna stadion i Bergen kommune. Frå Stord IL-friidrett er følgjande påmeldt: Tone Sandtorv Brakedal i kvinner junior 7-kamp der det er 8 deltakarar og Oddvar Hårde i MV45-49 år 10-kamp kor det er 2 deltakarar.

    18.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • 3 dagar igjen til Tour de Stord

    No er det bare 3 dagar igjen til Tour de Stord startar opp med første løp på Heiane, starten går klokka 10:00 på laurdag 20.mai for første løpar. 

    17.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Klart for stemne på Fana stadion 18.mai

    I morgon er det klart for løpsstemne på Fana stadion, der 800 og 3000m står på programmet. Frå Stord IL-friidrett er følgjande meldt på: Tom Erling Kårbø, Jacob Hystad og Lars Lunde. 

    17.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Jacob Vaula under NM kravet på 100m på Karabinlkene

    Under 2.dag av Karabinlekene sprang Jacob Vaula (16) inn til tida 11,24 på 100m og klarte med det kravet til senior NM, som vert arrangert i Sandnes siste helga i august. Han vann klasse 16 år temmeleg klart. I lengde vart resultatet 5,32 m og det gav 3.plass i klassen.

    13.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • 10.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Tinestafetten 2017

    Dagens Tinestafett for 6.-9.klasse vart avvikla under kjølige forhold på Stord stadion og totalt var det 69 påmeldte lag, men nokre forfall kom det i løpet av arrangementet.

    10.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø sprang inn til 5.plass i b-heatet

    Under stemnet Payton Invitational i Palo Alto i California fredag 5.mai sprang Tom Erling Kårbø inn til 5.plass i b-heatet på 3000m hinder med tida 8,46,85.

    06.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Banedebut for Tom Erling i Palo Alto, California

    Tom Erling er klar for sin banedebut på 3000m hinder i Payton Invitational i Palo Alto i California på fredag 5.mai, stemnestart er kl 19:10 lokal tid. Det vil seie at løpet starter kl 04:10 natt til laurdag 6.mai her i Noreg.

    04.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Fredsstafetten 2017

    Under dagens Fredsstafett for 5.-7.klasse skinte sola på alle deltakarane og løpsforholda var ideelle. Totalt var det 18 klasselag som stilte opp, fordelt på 8 lag i 5.klasse, 6 lag i 6. klasse og 4 lag i 7.klasse.

    04.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Resultat seriestemne på Stord stadion 3.mai

    Etter Fredsstafetten for 5.-7.klasse på Stord stadion onsdag 3.mai var det mange av elevane som nytta høve til å delta på friidrettsstemne. Øvelsane som dei kunne velja mellom var 60m, 600m, lengde og kula. I tillegg var det innlagt 1500m og spyd for seniorar.

    04.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Alt klart for Fredsstafetten 3.mai

    På onsdag 3.mai er det klart for den tradisjonelle Fredsstafetten, som går i området rundt Stord stadion, og er for 5.-7.klasse. Totalt er det 8 etapper på kvart lag og det er 4 etapper for både gutane og jentene.

    01.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Jacob Hystad sprang inn til 3.plass på Bergen City Marathon

    På laurdagens Bergen City Marathon sprang Jacob Hystad inn til 3.plass på 1/2-maraton med tida 1.14.09. Vidare sprang Arnfinn Aadland inn til tida 1.20.11, som holdt til 19.plass.

    01.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Sterkt løp av Pernilla Epland i Sentrumsløpet 2017

    I Sentrumsløpet, som er 10 km, i Oslo sprang Pernilla Epland eit meget sterkt løp og sprang inn til 4.plass med tida 35,06 min. Med dette forbetra ho sin personlege rekord på 10 km gateløp med over 3 min.

    01.05.2017 |Nils Hetleflåt
  • Stord løparar skal i aksjon fleire plasser i Noreg til helga

    Til helga vert fleire store løp avvikla i Noregs land og Stord IL-friidrett er representert ved Bergen City Marathon og Sentrumsløpet i Oslo.

    27.04.2017 |Nils Hetleflåt
  • 23.04.2017 |Nils Hetleflåt
  • Stipend til Tom Erling Kårbø på årsmøte

    På årsmøte til hovudlaget i Stord IL torsdag 30.mars vart Tom Erling Kårbø tildelt eit treningsstipend.

    05.04.2017 |Nils Hetleflåt
  • Heidersmerke i gull til Åge Bjelland

    På årsmøte i hoveudlaget i Stord IL den 30.mars vart Åge Bjelland tildelt heidersmerke i gull. 

    05.04.2017 |Nils Hetleflåt
  • 5.plass på Stord i NM stafett i Strandebarm søndag 2.april

    Under dagens 2-mannsstafett i NM terrengløp i Strandebarm sprang Stord med laget Jaocb Hystad og Tom Erling Kårbø inn til 5.plass. Laget var 5,3 bak bronseplassen til sportsklubben Vidar, medan det var 38,9 sek opp til vinnarlaget IL Gular.

    02.04.2017 |Nils Hetleflåt
  • Sølv og bronse til Stord i terreng NM i Strandebarm

    Det vart stor suksess for Stord sine løparar på terreng NM kort løype i Strandebarm i dag. Med to medaljer, sølv til Tom Erling i 3 km menn senior og bronse til Pernilla E. Epland i 2 km kvinner senior vart det god uttelling, i tillegg til dei andre gode resultata for Stord utøvarane.

    01.04.2017 |Nils Hetleflåt
  • Resultat sentrumsstafetten 1.april 2017

    Dagens sentrumsstafett i Leirvik sentrum vart avvikla under fine forhold med ein grei vårtemperatur på rundt 12 grader. Med totalt 38 lag, med 4 løparar på kvart lag,  vart det stor stemning i sentrum med mange forldre, søsken og besteforeldre som heiagjeng.

    01.04.2017 |Nils Hetleflåt
  • Informasjon sentrumsstafetten 2017

    Då er alt klart for årets sentrumsstafett som vert arrangert på laurdag 1.april og totalt er det påmeldt 38 lag frå 4.-7.klasse ved dei ulike skulane i Stord kommune.

    31.03.2017 |Nils Hetleflåt
  • NM terrengløp kort løype i Strandebarm 1.april

    1.apil er det klart for NM terrengløp i Strandebarm kort løype. Frå Stord IL-friidrett er det følgjande løparar som stiller til start:

    I menn senior: Tom Erling Kårbø, Jacob Hystad og Vegard Havn - 35 deltakarar

    I kvinner senior: Pernilla Eugenie Epland - 19 deltakarar

    I gutar 17 år: Arne Jordåen - 8 deltakarar

    27.03.2017 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå KM terrengløp og Parkløpet 25.mars

    KM i terrengløp og Parkløpet vart arrangert laurdag 25.mars på Stord golfpark sitt anlegg på Rommetveit. Totalt var det nær 130 fullførande løparar på arrangementet som vart avvikla under heller fuktig vær og med tunge løyper, men med ein grei vårtemperatur. 

    26.03.2017 |Nils Hetleflåt
  • Informasjon om Parkløpet og KM i terrengløp

    Her finn du informasjon om Parkløpet og kretsmeisterskapet i terrengløp som vert arrangert laurdag 25.mars på arenaen til Stord Golfpark.

    Sækreteriatet finn du i klubbhuset ved golfparken.

    23.03.2017 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå innandørsstemne i Haugesund 12.mars 2107

    Søndag 12.mars var det 7 utøvarar frå klubben som tok turen til Deep Ocean Arena i Haugesund for sesongens siste innandørsstemne.

    14.03.2017 |Nils Hetleflåt
  • Treningsleir i Monte Gordo

    På årets treningsleir til Monte Gordo, som varte frå 24/2-4/3 2017, var det Pernilla Eugenie Epland, Vegard Havn og Nils Hetleflåt som reiste frå Stord IL-friidrett. Frå Noreg var det andre utøvarar frå Ull/Kisa, Herkules, Gular, Osterøy IL, Hedmark friidrettskrets samt frå mange andre europeiske land.

    06.03.2017 |Nils Hetleflåt
  • 4.plass til Jacob Vaula på UM 15-22

    Jacob Vaula (16) var einaste utøvar frå Stord IL-friidrett som reiste til UM15-22 i Bærum Idrettspark. Han deltok på 60m i G16 og var gjennom 3 løp før han var ferdig med øvelsen.

    06.03.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppdaterte klubbrekordar pr 31.12.2016

    Klubbrekordane pr 31.12.2016 er oppdatert og du finn dei under fana Statistikk på venstre side.

    For 2016 vart det oppnådd nye rekordar i følgjande øvelsar: 100m, lengde og 5000m på kvinnesida, samt på 3000m hinder for menn.

    28.02.2017
  • Oppsummering av stemne i Haugesund 19.2.2017

    Under dagens innandørsstemne i Deep Ocean Arena, Haugesund, vart det fleire perser og gode resultat på Stord IL-friidrett sine utøvarar. Erlend Kringeland (2003) sprang 800m på 2,24,47 og forbetra seg med 8 sekund. Vegard Havn (1997) sprang 3000m på 9,58,21 og satte ny pers, medan Trym H. Gurigard (1989) kom like bak på 10,01,84.

    19.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Bronse til Tone i NM junior mangekamp

    Under dagens NM i mangekamp i Sandnes oppnåde Tone Sandtorv Brakedal (1999) bronse i juniorklassen med poengsummen 3216 poeng. Dette kom etter følgjande serie: 60m hekk (84cm) 9,03 (pers); høgde: 1,51m; Kula (4kg): 9,73m (pers); lengde: 5,36m (tangering pers), 800m: 2,45,74 (pers).

    19.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Klart for innandørsstemne i Haugesund søndag 19.februar

    På søndag vert det arrangert innandørsstemne i Deep Ocean Arena i Haugesund. Frå Stord IL-friidrett er det ein liten tropp som reiser nedover og det er :Pernilla E. Epland, Sofie Skard, Nora K. Kielland, Vegard Havn, Trym H. Gurigard og Erlend Kringeland.

    17.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Klart for NM mangekamp på Sandnes

    Det er Tone Sandtorv Brakedal i kvinner junior og Per Gregersen i menn veteran 45-49 som skal representera Stord IL-friidrett i NM mangekamp i Sandnes. Per skal i aksjon på laurdag i sin 5-kamp, 60m hekk, høgde, kula, lengde og 1000m. På søndag er det Tone sin tur som skal konkurrera i følgjande øvelsar: 60m hekk, høgde, kula, lengde og 800m

    17.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Ny pers på Tom Erling i Gent

    Under kveldens stemne i Gent i Belgia vart det ny personleg rekord på 3000m for Tom Erling Kårbø med tida 8,07,23, noko som var 3,7 raskare enn forrige helg i Stockhom. Tida var 2,23 sekund over EM-kravet på distansen og dermed vert det ikkje noko på EM innandørs for Tom Erling denne gong.

    11.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering første og andre dag av Pingvinlekene

    Det var fleire sterke resultat av Stord sine utøvarar på første dag av Pingvinlekne i Leikvanghallen.

    11.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Ny utanlandstur for Tom Erling Kårbø

    På fredag er det ut på ny tur for Tom Erling Kårbø og denne gong går turen til Gent i Belgia. Nok ein gong er det 3000m som skal utfordrast og feltet er meget sterkt, og for Tom Erling sin del vert det størst sannsynleg b-heatet. Totalt er det påmeldt 26 løparar og Tom Erling er meldt på med den 17. beste tida. Målsetjinga er å forbetra tida frå Stockholm, der han sprang på 8,10,95, og sjå om han komme seg under EM kravet på 8,05.

    09.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Alt klart for Pingvinlekene 2017

    Til helga vert Pingvinlekene arrangert i Leikvanghallen av Gneist IL-friidrett og frå Stord IL-friidrett er det mange deltakarar. Frå Stord  stiller: Jacob Hystad, Lars Lunde, Jacob Vaula, Julian S. Aasheim, Erlend Kringeland, Isak Vaula, Andreas Kringeland, Tone S. Brakedal og Pia Vaula. For fleire av deltakarane er debut på friidrett.

    09.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Ny pers av Tom Erling på 3000m innandørs i Stockholm

    Under dagen stemne "Raka spåret"  i Stockholm sprang Tom Erling Kårbø inn til ny personleg rekord innandørs med tida 8,10,95 på 3000m og gav med det seg sjølv ein fin gebursdagspresang. Med dette så vart han nr. 5 i heatet, der vinnaren Wouter Ploeger, Nederland, sprang inn til tida 8,04,29.

    04.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø klar for Stockholm laurdag 4.februar

    Tom Erling Kårbø er klar det internasjonale stemnet Raka Spåret i Stockholm laurdag 4.februar. Her skal han springa 3000m på sin 28 årsdag og totalt er det påmeldt 34 løparar på denne distansen. Løparane kommer frå Sverige, Danmark, Nederland og Noreg.

    03.02.2017 |Nils Hetleflåt
  • Sterke Stord resultat i Haugesund 28.januar

    Under dagens KM i Rogaland i Deep Ocean Arena i Haugesund vart det oppnådd mange sterke resultat av Stord sine utøvarar.

    28.01.2017 |Nils Hetleflåt
  • Sterk sprint på hallstemne 27.januar på Stord

    Det vart oppnådd sterke resultat på sprinten på Vikahaugane på fredag 27.januar. Jacob Vaula smelte til med sterke 7,30 på 60m i 16 årsklassen og satte med det ny rekord i 16 årsklassen for Stord IL. Andre gode resultat var 9,42 i 10-årsklassen av Kasper A.R. Tonning og ein svært spennande duell i jenter 13 år kor det skilte 1 hundredel mellom Anna S. Bø, Fitjar og Anna Solheim, Bremnes med tidene 8,94 og 8,95. Sofie Skard, Stord  fulgte like etter på 8,96.

    28.01.2017 |Nils Hetleflåt
  • Startliste og tidsskjema hallstemne 27.januar 2017

    Til hallstemne på Vikahaugane Stord sportssenter på fredag 27.januar kommer det deltakarar frå følgjande klubbar:

    26.01.2017 |Nils Hetleflåt
  • Hallstemne på Stord fredag 27.januar

    Stord IL-friidrett ønsker velkomen til upremiert hallstemne på Vikahaugane Stord sportssenter fredag 27.januar. 

    Øvelsane som ein kan velga mellom er: 60 meter, lengde, høgde og kula.

    21.01.2017 |Nils Hetleflåt
  • Nornalekene 2017

    Under dagens Nornaleker i Leikvang idrettshall er det to utøvarar som representerer Stord drakten og det er Sofie Skard i jenter 13 år og Tone Sandtorv Brakedal i klasse jenter 18/19 år.

    21.01.2017 |Nils Hetleflåt
  • Sterk 35.plass på Tom Erling Kårbø i Em terrengløp i Chia på Sardinia i Italia

    Under dagens EM i terrengløp i Chia, på Sardinia i Italia sprang Tom Erling Kårbø inn til ein sterk 35.plass på det 10 km lange løpet og han fekk tida 29,37 min. Av totalt 80 startande løparar som stod på startstreken var det 74 løparar som fullførte løpet og Tom Erling var 1,58 min bak vinnaren, Aras Kaya frå Tyrkia. Resultata til dei norske løparane i løpet var som følger: 13. Sondre Nordstad Moen 28,46 min, 34.Marius Øyre Vedvik 29,34 min, 35. Tom Erling Kårbø 29,37 min, 71. Ørjan Grønnevig 32,30 min.

    11.12.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø klar for EM i terrengløp i Chia, Italia søndag 11.desember

    Det er litt over 1 veke sidan Tom Erling Kårbø fekk klar signal for det norske laget til EM i terrengløp i Chia på øya Sardinia i Italia. Dette kom som resultat av det sterke løpet han viste fram i Warandeloop i Tilburg i Nederland søndag 27.november.  Arrangementet vert avvikla søndag 11.desember.

    07.12.2016
  • Sterkt løp av Tom Erling Kårbø i Tilburg i Nederland

    Tom Erling Kårbø var denne helga i Tilburg i Nederland for å springa i det internasjonale terrengløpet Warandeloop. Her stilte mange av dei beste løparane frå 12 ulike nasjonar i Europa, som brukte løpet som ein gjennomkjøring føre Europameisterskapet i terrengløp. For mange av desse nasjonane var det og siste uttakingsløp til EM, slik at konkurransen var god. Totalt var det 161 løparar påmeldt og frå Noreg stilte 8 løparar til start.

    29.11.2016 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå Karmøy maraton 19.november

    Under dagens 4.utgåve av Karmøy maraton, som består av maraton, 1/2-maraton og 10 km samt barneløp, i Kopervik var det fleire utøvarar frå Stord IL-friidrett som stilte opp.

    19.11.2016 |Nils Hetleflåt
  • Godt løp av Tom Erling Kårbø i nordisk meisterskap i terrengløp 12.11.2016

    Det var vinter vêr som møtte dei 28 seniorløparane som sprang nordisk meisterskap i terrengløp i Kristiansand, snø underlag med is gjorde at det vart ein ekstra utfordring. Løypa var målt til å vere 1480m og denne skulle dei gjennom 6 rundar, samt eit oppløp på 100m.

    13.11.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø klar for Nordisk meisterskap i terrengløp

    Tom Erling Kårbø er tatt ut på Noreg sitt lag, som skal delta på Nordisk meisterskap i terrengløp i Kristiansand laurdag 12.november. Han er ein av 8 løparar frå Noreg som skal springa 9 km. 

    08.11.2016 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå 3-sjøarsløpet i Stavanger

    I dag 5.november gjekk det tradisjonelle 3-sjøersløpet, som er eit halvmaraton løp, av stabelen i Stavanger med GTI-friidrett som arrangør. Frå Stord IL-friidrett var det 3 løparar som stilte til start og det var Pernilla E. Epland, Oddmund Roalkvam og Arne Jordåen. Totalt var det nær 3000 påmeldte løparar og det var fleire frå Stord enn dei 3 frå klubben.

    05.11.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat European cross country, Middelfart

    Det var stor deltaking i seniorklassen når det første European cross country i Middelfart i Danmark vart arrangert på laurdag 29.oktober. Dette er det første løp i terrengløpsserien i Danmark og totalt var det nær 100 løparar som fullførte det 9 km lange terrengløpet.

    31.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • European halloween cross country i Middelfart

    På laurdag vert European halloween cross country arrangert i Middelfart i Danmark og frå Stord IL reiser Tom Erling Kårbø for å måla krefter mot danske løparar, men og løparar frå Nederland og Sverige.

    28.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • Frikarusellen 26.10

    I Bergen så starta Frikarusellen opp igjen onsdag 26.oktober og frå Stord IL så freista Jacob Hystad å testa formen. I det 5 km lange løpet kom inn til 2.plass med tida 16,28 min og var med det 1,20min bak vinnaren Marius Vedvik. Som han gav uttrykk for etter løpet så var det heilt ok gjennomført.

    28.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • Kretstrening i Leikvanghallen søndag 23.oktober

    Denne hausten har Hordaland Friidrettskrets starta opp med kretstreningar og søndag 23.oktober var det klart for første samling i Leikvanghallen. Kretsen stiller opp med kvalifiserte trenarar som har lang erfaring med å trena utøvarar på høgt plan. Dei øvelsesgruppene som er med denne hausten er lengde, tresteg, høgde, stav, sprint og hekk.

    24.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Fitjardalten 2016

    Den 35.utgava av Fitjardalten vart avvikla søndag 23.oktober under flotte forhold med sol, vindstille og ca 10 grader.

    24.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Djupadalten i Haugesund

    Under dagens løp Djupadalten i Haugesund var det flotte forhold med sol, nær vindstille og ein fin temperatur på rundt 12 grader. Totalt var det nær 1000 påmedlte til løpet og for Stord IL sine løparar gjekk det veldig bra.

    22.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • Mosjonsløp til helga

    På laurdag 22.10.2016 vert det tradisjonsrike løpet Djupadalten arrangert i Haugesund, medan Fitjardalten vert arrangert på søndag 23.10.2016.

    19.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • NM terrengløp lang løype i Rindal

    På søndag er det klart for NM terrengløp lang løype i Rindal i Sør-Trøndelag og frå Stord IL-friidrett stiller Pernilla E. Epland i kvinner senior, Las Lunde i menn junior og Ole Christer Kvellestad i Gutar 16 år. Pernilla og Lars skal springa 6 km medan Ole Christer skal springa 4 km.

    06.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • Menyløpet på Aksdal laurdag 1.oktober

    Frå Stord IL-friidrett var det trioen Tom Erling Kårbø, Lars Lunde og Arnfinn Aadland som tok turen til Aksdal og det 7 km lange Menyløpet.

    06.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • Reisebrev frå København halvmaraton

    Frå vår gode løpar Jacob Hystad har Stord IL-friidrett fått tilsendt eit reisebrev frå arrangementet og løpet i København:

    06.10.2016 |Nils Hetleflåt
  • København halvmaraton 18.september

    To representanter frå Stord IL-friidrett, Jacob Hystad og Arnfinn Aadland, stilte opp på København halvmaraton saman med over 20000 løparar. I eit sterkt felt var Jacob plassert i menn elite klasse B felt, medan Arnfinn måtte stilla seg opp med løparar under 1,30.

    18.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Laila Mehus vann Oslo trippelen 17.september

    Laila Mehus vann på laurdag Oslo trippelen, som er samanlagt tida av Oslo maraton, Oslo halvmaraton og 10 km for Grete. 

    18.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå mosjon- og motbakkeløp

    Lars Lunde har vore med på mange mosjons- og bakkeløp denne månaden.

    Laurdag 3.september vann han Åkrafjordsløpet på 7km, som i år var lagt om pga rasfare i deler av den opprinnelege løypa. Dagen etter var han på plass i Sluseløpet i Tysvær kommune og i det  4,5 km lange løpet vann han med tida 15,10 min og var 8 sekund foran nr.2.

    15.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Stockholm halvmaraton

    Under årets Stockholm halvmaraton, som vart arrangert laurdag 10.september stilte Pernilla E. Epland opp. Ho sprang inn til 8.plass i dameklassen og fekk tida 1,24,09.

    15.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat motbakkeløp på Midtfjellet Vindkraftpark

    Det var mange som stilte opp til motbakkeløpet "Mølleløpet" på Fitjar på laurdag 10.september og dei var heldige med fine forhold denne dagen. Det var eit stort felt som stod klar på strartstreken denne ettermiddagen. 

    12.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat 2.dag frå Bergenslekene

    Under 2.dag av Bergenslekene var det Julian Skimmeland Aasheim og Tone Sandtorv Brakedal som representerte Stord IL-friidrett. 

    12.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Ny aldersrekord av Julian Skimmeland Aasheim på 200m hekk på Bergenslekene

    Under første dag av Bergenslekene på Leikvang stadion sprang julian Skimmeland Aasheim inn til ny aldersrekord på 200m hekk med tida 28,34 i 13-årsklassen. Han forbetra sin personlege rekord med 49 hundredelar.

    10.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Stemneaktivitet helga 10.-11.september

    Til helga er det klart for Bergenslekene på Leikvang stadion. Frå Stord IL-friidrett stiller følgjande: Tone Sandtorv Brakedla (17), Julian Skimmeland Aasheim (13) og Erlend Kringeland (13).

    09.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering av resultater forrige helg

    På UM 15-19 år i Sandnes var det Tone Santorv Brakedal (17) som nådde høgast opp på resultatlista.

    09.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Treningstider haust 2016

    Her er treningstidene for hausten 2016:

    01.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Um 15-19 på Sandnes og Stordløpet til helga

    Kommande helg er det Stordløpet som vert arrangert søndag 4.september, sjå meir informasjon under kalender på høgre side, og UM 15-19 på Sandnes frå 2.-4.september.

    01.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Norwegian Grand Prix i Kristiansand

    Under gårsdagens Norwegian Grand Prix i Kristiansand var Tom Erling Kårbø Stord sin representant på stemnet.

    01.09.2016 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering av resultater for helga 27-28.august

    På Osterøy var Julian Skimmeland Aasheim i aksjon for kretslaget til Hordaland i 13-14 årsklassen mot Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane sine lag. På laurdagen sprang han inn til 3.plass på 60m hekk med tida 10,54 etter å ha slått borti den eine hekken. Litt seinare på dagen vann han 200m med tida 26,26.

    29.08.2016 |Nils Hetleflåt
  • Klar for ei aktiv helg for friidrettsgruppa

    Denne helga er det utøvarar frå klubben i aktivitet mange stader i regionen.

    26.08.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling sprang 800m i Kristiansand

    Tom Erling Kårbø sprang 800m i Kristiansand på tysdag 23.august og han vann løpet mednær 9 sekund og han sprang inn til tida 1,55,50 som er årsbeste med eit snaut1 sekund.

    26.08.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå Gneistspelen

    Det var mange frå Stord IL-friidrett som stilte opp på Gneistspelen forrige helg på Fana stadion.

    26.08.2016
  • Resultat Stordleikane fredag, laurdag og søndag

    Her er uoffisielle resultat frå  Stordleikane. Det mangler påført vind i lengde og tresteg samt heat oppsett på sprint. På søndag vart det manuell tidtaking på alle løpa då ein sentral enhet i boksen til det elektroniske anlegget tok kveld. 

    13.08.2016 |Nils Hetleflåt
  • Husk påmeldingsfristen til Stordleikane

    Det nærmar seg med stormskritt Stordleikane, som vert arrangert 12.-14.august på Stord stadion. 

    Husk påmeldingsfristen som er søndag 7.august, etter dette er det dobbel startkontingent.

    04.08.2016 |Nils Hetleflåt
  • Flandern Cup i Huizingen i Belgia 6.august

    På laurdag 6.august skal Tom Erling Kårbø springa 3000 meter i belgiske Huizingen på Flandern cup. Han er påmeldt med den 5.beste tida i dette feltet.

    04.08.2016 |Nils Hetleflåt
  • Junior NM på Brandbu 5.-7.august

    Til helga er det klart for junior-NM på Brandbu og frå Stord IL-friidrett stiller Tone Sandtorv Brakdedal og Lars Lunde ihhv KJ-19 og MJ-19. Tone er påmeldt på 100m, 100m hekk og lengde, medan Lars er påmeldt på 5000m og 3000m hinder.

    04.08.2016 |Nils Hetleflåt
  • NM senior på Askøy 29.-31. juli

    Under helgas NM i friidrett for senior på Ravnanger på Askøy har følgjande representert Stord IL: Tom Erlng Kårbø, Lars Lunde og debutanten Pernilla E. Epland.

    30.07.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø er klar for EM i Amsterdam

    Tom Erling Kårbø skal representera Noreg på 3000m hinder under EM i friidrett i Amsterdam i perioden 6.-10.juli. Han er alt på plass i Nederland og gjer dei siste førebuingane før han skal springa forsøk på onsdag 6. juli.

    04.07.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå Verdsungdomsspelen i Gøteborg 1.-3.juli

    På årets Verdsungdomsspel i Gøteborg var det to utøvarar frå Stord IL-friidrett som hadde tatt turen, Lars Lunde (19) og Tone Sandtorv Brakedal (17). Stemnet starta på fredag 1.juli og var på 3 dagar.

    04.07.2016 |Nils Hetleflåt
  • Kretskamp i Byrkjelo og Boysen memorial på Bislett

    To stordabuar har vore ute og representert Stord IL-friidrett i løpet av denne helga, Lars Lunde og Julian Skimmeland Aasheim.

    26.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Hardanger Friidrettsfestival 2016 i Strandebarm

    I helga vart Hardanger Friidrettsfestival arrangert i Strandebarm og frå Stord IL stilte Veslemøy og Tuva Skulstad, Arne Jordåen, Ole Christer Kvellestad og Lars Lunde. 

    20.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå seriestemne 13.juni på Stord stadion

    Det var mange som stilte opp på seriestemnet som vart arrangert på Stord stadion mandag 13.juni. Det var eit flott solskinnsvêr og god temperatur, noko som gjorde at mange oppnådde gode resultat.

    15.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Oddvar Hårde noregsmeistar i 5-kamp for veteraner

     Oddvar Hårde vart i ettermiddag noregsmeistar i 5-kamp i veteranklasse 45-49 år på Gjesdal i Rogaland. Hardast konkurranse fekk han frå barndomskameraten Kjetil Roalkvam, som har flytta til Stavanger og representerer IL Skjalg. 

    11.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • 11.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Bruløpet og 1/2-maraton 8.juni

    Årets bruløp og halvmaraton på Stord vart avvikla onsdag 8.juni under eit fint solskinn, men med ein svært sjenarande vind. Denne vinden påvirka nok resultata til løparane som hadde ein stri tur over Stordbrua og Bømlabrua.

    08.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Lysefjorden inn laurdag 4.juni

    Laurdag morgon kl 8.30 var Arnfinn Aadland på startstreken for Lysefjorden inn og foran han låg 62 km og over 2000 høgdemeter å venta i flott sommarvêr. Temperaturen vart ein viktig parameter i dette lange løpet etterkvart som sola steikte meir og meir på deltakarane utover dagen. Med tida 7,50,41 vart det ein 6.plass i herreklassen og ein 9.plass totalt i konkurransen.

    05.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering av Framolekene 2016

    Årets Framoleker er overstått for utøvarane frå Stord og det vart ei helg med mange sterke resultat og perser. Med ei flott ramme rundt arrangementet og med høg temperatur frå ei sterk sol låg alt til rette for eit kvalitetsstemne. Frå Stord IL stilte denne helga følgjande til start: Ida Holm Neset, Tone Sandtorv Brakedal, Julian Skimmeland Aasheim, Ole Christer Kvellestad, Arne jordåen og Jacob Hystad.

    05.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Stor aktivitet for Stord friidrett denne første helga i juni

    Til helga Stord sine utøvarar i aksjon fleire plasser i Noregs land. I Kristiansand skal Lars Lunde springa stadionmila og samtidig prøva seg på kravet til junior VM som er på 31:10 min. 

    02.06.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå KM i friidrett på Fana stadion 27.-29.mai 2016

    Denne helga har stor KM gått av stabelen på Fana stadion og det vart fleire krinsmeistrar frå Stord. På fredag 27.mai var det Jacob Hystad som stakk av med seieren på 1500m i senior klassen for menn. Med tida 4,14,51 var han over 5 sekund foran nummer to.

    29.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø klarte EM kravet og satte ny pers

    Det var ein godt fornøgd Tom Erling Kårbø som sprang i mål på 3000m hinder når klokka viste 8,35,84. Det var ny personleg rekord med over 3,5 sekund, men det viktigaste av alt: det var under kravet til årets EM i Amsterdam. 

    29.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Stor aktivitet i veke 21

    Det vert stor aktivitet for Stord IL-friidrett sine utøvarar i denne veka.

    I USA skal Harald Kårbø delta på NCAA Division 2 Outdoor Track and field Championship i Bradenton, Florida. Meisterskapet verrt avvikla i perioden 26.-28.mai. Harald skal springe 3000m hinder og forsøket er på torsdag 26.mai, finalen vert avvikla på fredag 27.mai. Harald er rangert som nr 16 av dei 19 løparane som er kvalifisert til dette meisterskapet, med tida 9,01,36.

    24.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering av Mailekene i Haugesund 21.-22.mai

    Under helgas maileker i Haugesund så var Stord IL representert med 7 utøvarar: Mathilde A.Amundsen (10), Sofie Skard (12), Ida Holm Neset (13), Tone S. Brakedal (17), Alfred T. Eide (11), Sverre Stautland (11) og Julian S. Aasheim (13).

    23.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Stord de Tour 3.løp/Stord rett Opp 21.mai

    Det 3.løpet i Tour de Stord vart avvikla laurdag ettermiddag i eit overskya vêr som gjekk over til lett regn når løparane hadde løpt ca 12-13 min. Dette løpet er og mer kjent under Stord rett opp og er på 5 km med ein høgdeskilnad på 500m. Difor var det mange løparar som bare var med på dette løpet.

    23.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tour de Stord 2.løp 2016

    Laurdag formiddag vart det 2.løpet i Tour de Stord avvikla under fine forhold med sol og ca 10 grader.

    21.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tour de Stord 1.løp 2016

    Tour de Stord er i gong og totalt var det 20 løparar som stilte til start ved KIWI på Heiane i eit grått vêr med nokre regndråpar i lufta og ein litt kjølig bris. Av desse 20 er det 18 som er påmeldt på alle tre løpa.

    20.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tour de Stord

    Viktig informasjon angåande Tour de Stord:

    Online påmelding stenger kl 15:00 i dag. 

    Etterpåmelding: Enten via sms til 91385442 (gi opp namn og fødselsår) eller frammøte ved start, seinast 30 min før start.

    20.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Ny pers på Tom Erling under Norway Grand Prix på Hamar

    Under dagens elitestemne, Norway Grand Prix,  på Hamar satte Tom Erling Kårbø ny personleg rekord på 3000m med tida 8,06,81. Med det så vart han nr 9 i feltet, kor Henrik Ingebrigtsen vann løpet med tida 7,54,32.

    18.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Under 1 veke igjen til Tour de Stord

    Det er no under 1 veke igjen til starten på Tour de Stord, som starter med ein prolog på 1,5 km på Heiane fredag 20.mai kl 18:00. Husk å melde dykk på.

    15.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Seirer til Harald Kårbø under NSIC conferance

    Under gårsdagens NSIC championship i Sioux Falls vann Harald Kårbø 3000m hinder med tida 9,36,40 og var ca 2,7 sek føre nummer to. På 5000m nokre timar etterpå sprang han inn på 15,52,86 og plasserte seg som nr 16 i løpet.

    15.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • 14.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tinestafetten 2016

    Årets Tinestafett vart avvikla i eit flott solskinnsvêr på Stord stadion og totalt var det 69 påmeldte lag. Med 8 løparar på kvart lag samt 2 reserver og lagleiar samt heiagjenger var det nær 1000 personar på området denne tysdag formiddag. God stemning var det på tribunen og kvart lag fekk utdelt Tine produkter.

    11.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Holmenkollstafetten 7.mai 2016

    Over er laget til som representerte Stord IL-friidrett i Holmenkollstafetten 2016:

    1.rekke f.v.: Sondre E. Øvrebø, Lars Håkon Ramstad, Vegard Havn, Lukas Helland, Ole Christer Kvellestad, Arnfinn Aadland, Erlend Mæland

    2.rekke f.v.: Kim B. Laitinen, Tom Erling Kårbø, Sondre Sørheim, Kristian L. Nag, Lars J. Føyen, Sondre Mæland, Arne Jordåen, Jacob Hystad.

    08.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat seriestemne 4.mai 2016

    Etter at fredsstafetten var ferdig var det fritt fram for deltakarane å få prøva seg på ulike øvelsar som vart arrangert. Mange fekk sitt første møte med friidretten og kanskje vil nokre av dei starte med friidrett og. Det var ein litt sjenerande vind og temperaturen var vel rett rundt eit tosira tal, men det var vel ikkje akkurat det ein vil kalla topp forhold.

    05.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Fredsstafetten 2016

    Under onsdagens fredsstafett på Stord stadion var det totalt 14 lag som møtte til start. I 5.klasse var det Hystad skule 5a som stakk av med sigeren på tida 3,16,3 føre Rommetveit skule 5 a og Rommetveit skule 5 b, som hadde ein hard kamp om 2.plassen.

    05.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Bergen City Marathon 30.april 2016

    Mange stordabuar hadde tatt turen til Bergen for å delta i Bergen City Marathon denne laurdagen. Å nemna alle deltakarane vert for omfattande på denne sida, men vel å trekka fram Arnfinn Aadland som sprang inn til den gode tida 1:17:58.

    01.05.2016 |Nils Hetleflåt
  • Fredsstafetten onsdag 4.mai

    Onsdag 4.mai er det klart for den tradisjonsrike Fredsstafetten, som vert arrangert på Stord stadion. Denne stafetten er for 5.-7.klasse i Stord kommune og består av 8 etapper, 4 for jenter (1., 3., 5. og 7. etappe) og 4 for gutar (2., 4., 6. og 8. etappe). Etappane er mellom 100 og 150m, nokre går på bane og nokre i terreng.

    29.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Landsbyløpet 24.4.2016

    Ole Christer Kvellestad (16) var i aksjon på Randaberg der han sprang det 10km lange Landsbyløpet. Med tida 37,19 min vart han nr 10 totalt i løpet og vinnar av klasse M16-17.

    29.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Reisebrev frå Skottland

    Her er reisebrev frå Jacob Hystad og Arnfinn Aadland sin tur til Edingburgh:

    Då sat me på toget frå Edinburgh til Aberdeen, og det er berre til å erkjenna at ein innhaldsrik og svært kjekk tur går mot slutten. Me tok fly frå Bergen til Aberdeen laurdag formiddag, og tok tog derfrå til Edinburgh.
    Løpet me skulle springa denne gong, Great Edinburgh Run, er eit 10 miles (16,1 km) langt gateløp som går i og rundt Edinburgh sentrum. Løpet gjekk av stabelen søndag, så det vart ein tidleg kveld laurdag etter å ha fylla opp lagra med pizza.

    18.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Great Edingburgh Run 17.4

    Dei to Stord løparane Jacob Hystad og Arnfinn Aadland gjennomførte i dag Great Edinburgh Run som er på 10 miles (16,095 km). Jacob fullførte på tida 56,02 min og plasserte seg som nr. 8, medan Arnfinn sprang inn til tida 59,15 min og plasserte seg som nr 15 i løpet. Totalt var det 3276 fullførande løparar. Vinnartida i løpet var på 51,11 min 

    17.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Jacob og Arnfinn skal springa 10 miles løp i Edingburg 17.april

    I øyeblikket er Jacob Hystad og Arnfinn Aadland på veg til Edingburg for å delta på 10 miles løpet som skal gå av stabelen der på søndag 17.april. Begge løparane har trent godt gjennom vinteren og er spent på korleis det skal gå i morgon. Målsetjinga er å komme under 55 min for Jacob, medan Arnfinn har eit mål om å komme under timen. Det skal bli spennande å sjå korleis det går med desse to i morgon.

    16.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø har starta sesongen i USA

    Harald Kårbø har vore med i 2 stemner i USA.

    Søndag 3.april sprang han 3000m på tida 8,58,49 i Vance Butler Invitational i Sioux Falls og vart nr. 2 i løpet. Dette var første løpet til Harald på 4 månadar etter at han har slitt med ein hamstring og han tok løpet kun som ein gjennomkjøring. Han kjente ingen ting til skaden sin og var godt fornøgd med det.

    16.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • 2 mannsstafett i Bergen onsdag 13.april

    Jacob Hystad og Andreas Grøteide Polden representerte Stord IL-friidrett på 2 mannsstafetten på Skansemyren onsdag 13.april. Her sprang kvar løpar 3 etapper på 1 km, slik at total lengda vart 6 km.

    16.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat sentrums stafetten 9.april 2016

    Det var eit strålande vêr som møtte deltakarane på dei ulike klasselaga på sentrums stafetten denne laurdagen. Starten var ved Kulturhuset og målgang ved pavilijongen ved Frugård Bakeri. Med 38 lag og 4 løparar på kvart lag så var  det totalt 152 løparar som skulle i aksjon.

    10.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • 4.plass i NM kort løype i Stavanger

    Det var solskinn og ca 12 grader som møtte løparar og tilskodarar i Stavanger i dag då NM terrengløp korte løyper vart arrangert av IL Skjalg. Ei flott rundløype på ca 750 m og ei på ca 500m på golfbanen, seniorane sprang 4 rundar a 750m medan G-16 sprang først 500m og så 2 rundar a 750m

    09.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Alt klart for sentrumsstafetten laurdag 9.april

    I morgon er det klart for den tradisjonelle sentrumsstafetten i Leirvik sentrum for 4.-7. klasse på barneskulane i kommunen. Starten foregår ved Kulturhuset og målgang er ved pavillijongen ved Bakeriet Frugård. Start kl 12:00.

    08.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • NM terrengløp kort løype i Stavanger 9.april

    På laurdag er det klart for NM terrengløp kort løype i Stavanger. Frå Stord IL stiller Tom Erling Kårbø på 3 km i menn senior og Arne Jordåen på 2 km i G-16.

    08.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Parkløpet 2.april på Stord

    Det var nedbør under heile arrangementet når Parkløpet vart arrangert 2.april på Stord golfpark og løypa var temmeleg blaut. Vêret la ingen dempar på stemninga blant dei frammøte løparane og det var mange som stilte opp i dei yngste klassane. I tillegg til løparane frå Stord kom det deltakarar frå både Fitjar IL og Haugesund IL.

    03.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Parkløpet 2.april

    I morgon laurdag 2.april er det klart for det tradisjonsrike Parkløpet som vert arrangert på Stord golfpark. I år er det ekstra stor påmelding i rekruttklassane og der vert det fleire heat. Første start er klokka 13:00. Husk å møta i god tid, startnummerutdeling er i huset kor minigolfen held til (startnummer til kvar løpar står i startlista).

     

    01.04.2016 |Nils Hetleflåt
  • Bronse til Lars Lunde i NM innandørs

    Det var Lars Lunde som stod for den største prestasjonen under andre dag i innnandørs NM i Bærum.

    06.03.2016 |Nils Hetleflåt
  • NM innandørs i Bærum

    Til helga vert NM innandørs for senior arrangert av IL Tyrving i Bærum Idrettspark og frå Stord IL-friidrett stiller følgjande til start: Tom Erling Kårbø og Lars Lunde.

    03.03.2016 |Nils Hetleflåt
  • UM innandørs i Steinkjer 26.-28.2

    Frå Stord IL-friidrett stilte Tone Sandtorv Brakedal (17) i helgas UM i friidrett i Steinkjer.

    28.02.2016 |Nils Hetleflåt
  • Det skjer i helga

    Stord IL-friidrett er i helga representert under NM i mangekamp i Sandnes og i opent sør-norsk mesterskap i Kristiansand.

    19.02.2016 |Nils Hetleflåt
  • 1.dag Pingvinlekene

    Under første dag av Pingvinlekene til Gneist IL på Leikvang har følgjande utøvarar frå Stord IL-friidrett vore i aksjon: Lars Lunde, Tuva Skulstad og Tone Sandtorv Brakedal.

    13.02.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø sprang inn til 3.plass i Växjö

    Under dagens landskamp i svenske Växjö mellom Sverige, Finland, Danmark/Island og Noreg, sprang Tom Erling Kårbø inn til 3.plass på 1500m med tida 3,50,10. Han satte med dette ny personleg rekord innandørs med over 5 sekund.

    13.02.2016 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø er klar for landslaget

    Tom Erling Kårbø er tatt ut på det norske landslaget som skal til Växjö i Sverige i helga og konkurrere i Norden landskampen. Der stiller følgjande land: Noreg, Sverige, Finland og Danmark/Island.

    11.02.2016 |Nils Hetleflåt
  • Kretsstemne i Haugesund onsdag 10.2.2016

    Det var 6 utøvarar frå Stord som tok turen til innandørshallen Deep Ocean Arena i Haugesund onsdag 10.februar.

    11.02.2016 |Nils Hetleflåt
  • Hallstemne 6.februar 2016

    Då er det klart for hallstemne på Vikahaugane Stord sportssenter laurdag 6.februar. Totalt er det 65 påmeldte deltakarar til stemnet og dei kommer frå Bremnes IL, Fitjar IL, Sand IL og Stord IL.

    05.02.2016 |Nils Hetleflåt
  • 21.12.2015
  • 10.11.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå Tresjøarsløp 7.november i Stavanger

    Laurdag 7.november vart 3-sjøarsløpet arrangert i Stavanger, som er eit halvmaratonløp.

    Frå Stord IL-friidrett stilte Tom Erling Kårbø og Oddmund Roalkvam, i tillegg var det fleire andre stordabuar som sprang. Det var fine forhold som møtte løparrane på løpsdagen med ca 12 grader og vindstille. Totalt var det 3000 løparar påmeldt til dette løpet.

    10.11.2015 |Nils Hetleflåt
  • 18.10.2015 |Nils Hetleflåt
  • 18.10.2015 |Nils Hetleflåt
  • NM terrengløp lang løype, laurdag 17.oktober

    På laurdag er det klart for NM terrengløp lang løype på Ekebergsletta i Oslo. Frå Stord IL stiller følgjande: Tom Erling Kårbø i menn senior, Lars Lunde i menn junior og Ole Christer Kvellestad i G-15.

    15.10.2015 |Nils Hetleflåt
  • Sterke tider på Oslo halvmaraton 19/9

    Det vart mange sterke tider på Stord sine utøvarar under Oslo halvmaraton som vart arrangert på laurdag 19.september.

    20.09.2015 |Nils Hetleflåt
  • Oslo maraton på laurdag 19.september

    På laurdag er det klart for Oslo maraton, kor NM på halvmaraton er innlagt. Frå Stord IL stiller det fleire løparar til start på halvmaraton og det skal verte spennande å sjå korleis dei klarar oppgåva i sentrum av hovudstaden.

    17.09.2015 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø vann NMC på Bislett onsdag 16.september

    Under kveldens stemne, Norwegian Milers Club, på Bislett vann Tom Erling Kårbø 5000m på 14,34,54. Han var 6 tidelar føre nr 2 i løpet.

    17.09.2015 |Nils Hetleflåt
  • Opningsstemne på Os idrettspark 12.september

    Til helga er det offisiell opning av den nye banen i Os Idrettspark og frå Stord stiller følgjande til start: Julian Skimmeland Aasheim (2003), Kasper Andreas Rygg Tonning (2007) og Saga Emilie Rygg Tonning (2005).

    11.09.2015 |Nils Hetleflåt
  • UM friidrett på Lillestrøm

    I dag startar UM15-19 år på Lillestrøm og det skal gå føre seg til og med søndag. Frå Stord IL har me 4 deltakarar: Mari Aarskog Nesse (1996), Tone Sandtorv Brakedal (1999), Lars Lunde (1997) og Ole Christer Kvellestad (2000). Mari er påmeldt i 800m, 2000m hinder og 3000m, Tone skal delta på 80m hekk og 100m, Lars er meldt på i 800m, 2000m hinder og 3000m, medan Ole Christer skal delta på 1500m hinder og 2000m.

    11.09.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat seriestemne onsdag 9.september

    Det var ein fin haustkveld med god temperatur og tilnærma vindstille som møtte både deltakarane og funksjonærane denne onsdagen.

    Det vart mange nye perser av utøvarane i dag, der Julian S. Aasheim (12) fekk over 1000 Tyrvingpoeng for resultatet 10,19m i tresteg. Elles hoppa Bård Inge Bø over 1,80 m i høgde.

    10.09.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Stordløpet 2015

    Under fine forhold vart det tradisjonsrike arrangementet Stordløpet avvikla for 38.gong. Totalt var det 234 deltakarar, fordelt på 81 barn i barneløpet, 65 personar i turklassen og 88 løparar i mosjonsklassen.

    06.09.2015 |Nils Hetleflåt
  • Stordløpet 6.september

    På søndag 6.september er det klart for den 38.utgåva av Stordløpet. Start og mål er på Stord stadion og distansane er høvevis 6 og 12 km i terreng. Starttidspunktet er kl 13 for mosjonsklassen der det er tidtaking, medan turklassen kan starte mellm kl 10:00-12:30 og barneløpet, som er ca 1 km langt, har start kl 12:00.

    04.09.2015
  • Resultat frå Gneistspelen første dag 22.august

    Resultater for Stord sine utøvarar frå første dag i Gneistspelen på Fana stadion: G-8: Kasper Andreas Rygg Tonning: 10,35 60m, 3,22m lengde; 14,72 m liten ball

    22.08.2015 |Nils Hetleflåt
  • Klart for Gneistspelen til helga

    Til helga er det klart for den tradisjonsrike Gneistspelen på Fana stadion. Frå Stord IL-friidrett stiller følgjande utøvarar opp:

    Kasper A. R. Tonning, Julian S. Aasheim, Lars Lunde, Malin R. Svensen, Saga E. R. Tonning, Andrea R. Svensen, Tone S. Brakedal og Tuva Skulstad.

    21.08.2015 |Nils Hetleflåt
  • Junior NM på Byrkjelo 14.-16.august

    Frå Stord IL var det Lars Lunde og Mari Aarskog Nesse som forsvarte Stord sine fargar i Byrkjelo i helga. 

    18.08.2015 |N
  • Stordleikane 2015

    Resultata frå Stordleikane er lagt ut under Stordleikane 2015 og resultater på venstre side i menyen.

    18.08.2015 |Nils Hetleflåt
  • Stordleikane 2015

    Under Stordleikane 2015 på menyen på venstre side er no tidsskjema og startliste lagt inn.

    Dei etterpåmeldte er lagt inn i Frires, men er ikkje på denne startlista. Oppdatert startliste kommer i morgon.

    12.08.2015 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering Boysen memorial og Tjalvelekene 8-9/8 2015

    Stord var representert med Thomas M. Heggøy og Lars Lunde på Boysen memorial på Bislett laurdag 8.august, medan Lars og deltok på Tjalvelekene søndag 9.august.

    09.08.2015 |Nils Hetleflåt
  • VM for veteran i Lyon

    Dei to mangekjemparane Per Gregersen (45) og Oddvar Hårde (46) frå Stord er deltakarar under VM for masters i franske Lyon. Første dag av meseterskapet er tysdag 4.august og frå den mangelfulle resultat lista som ligg på www.lyon2015.com har eg funne følgjande resultat:

    05.08.2015 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering frå senior NM i Haugesund 31.7-2.8 2015

    Under første dag av NM i Haugesund var det Lars Lunde frå Stord IL som var i aksjon på 1500m forsøk. han sprang i det første av to forsøksheat og der dei 6 beste løparane gjekk vidare til finalen på laurdag. Lars hang med på dei to første rundane, men då farten vart skrudd opp klarte han kkje å henga med. Han kom inn på 10.plass med tida 4,12,63.

    05.08.2015 |Nils Hetleflåt
  • Alt klart for NM i Haugesund 31.7-2.8

    På fredag 31.juli startar NM i friidrett i Haugesund og frå Stord IL stiller følgjande utøvarar: Tom Erling Kårbø, Harald Kårbø, Thomas M. Heggøy og Lars Lunde. Dei er påmeldt i følgjande øvingar: Thomas på 800m, Lars på 1500m, Tom Erling, Harald og Lars på 3000m hinder, Tom Erling på 10000m.

    29.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Klarte kravet til NM på 800m

    Søndag 26.juli på Fana stadion var det klart for angrep på kravet til 800m til NM senior i Haugesund, som var på 1,54,99. Etter mange løp på 1,56 talet i år for Thomas M. Heggøy var dette siste sjanse for å klare kravet.

    29.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Seriestevne på Fana stadion onsdag 22.juli

    På onsdagens seriestemne på fana stadion var det tre løparar frå Stord som stilte opp, Jacob Hystad , Thomas M. Heggøy og Lars Lunde.

    24.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå junior EM i Eskilstuna 18/7-2015

    Laurdag 18.juli var Lars Lunde klar for sin EM debut på 5000m på bane i forbindelse med juniormeisterskapet som vart avvikla i svenske Eskilstuna. Totalt stod det 27 løparar på startstreken denne laurdagskvelden. Forholda var ikkje dei beste med ein ganske så sjenerande vind, medan temperaturen var rundt 18 grader.

    24.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå Universiaden i Gwangju

    Under forhold som er meir vanleg i Noreg, det var godt med regn denne ettermiddagen i Gwangju,  sprang Tom Erling og Harald finalen på 3000m hinder i Universiaden i dag. I det 18 mann store feltet la begge Stord løparane seg langt bak frå start av. På tv kunne ein sjå korleis løpet utvikla seg. Etterkvart så sprang Tom Erling seg framover i feltet og han kom seg inn på 10.plass med tida 8,47,81. For Harald gjekk det litt tyngre og han kom i mål på 16.plass med tida 9,04,49.

    11.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Universiaden i Gwangju

    I morgon, laurdag 11.juli er det klart for 3000m hinder finale i Universiaden i Gwangju for Tom Erling og Harald Kårbø. Sidan det ikkje var forsøksheat så er det eit stort finaleheat med 18 løparar. Løpet startar kl 10.45 norsk tid, kl 17.45 lokal tid. Løpet går direkte på Eurosport, som  startar sendinga kl 09.30 .

    10.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Lars Lunde klar for EM i Eskilstuna for junior

    Under dagens 5000m på Värdsungdomsspelen i Gøteborg sprang Lars Lunde 14,40,72 og underskreiv med det kvalifiseringskravet til junior EM på 14,45,00. Dette har vore eit stort mål for han i denne sesongen og på siste mulighet for å klare kravet gjekk det bra. Etter ein sterk siste runde på 60 sekund sprang han i tillegg inn til seier på 5000 meteren i seniorklassen med over 1,5 sekund.

    03.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Seriestemne på Arna stadion 1.juli

    Onsdag 1.juli var Sondre Egeli Øvrebø og Jacob Hystad på plass på Arna stadion for å testa formen, Jacob nett heime frå høgdetrening i Font-Romeu i Frankrike.

    03.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå NMC på Bislett 28.6.2015

    På det 2.stemnet i stemnekarusellen Norwegian Milersclub på Bislett søndag 28.juni stilte følgande frå Stord IL opp på startstreken, Thomas M. Heggøy, Harald Kårbø og Lars Lunde.

    03.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm 20.-21.6 2015

    Litt forsinka kommer ein liten rapport frå Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm, som vart arrangert 20.-21.juni. Frå Stord IL stilte Jørund Løken, Thomas Heggøy, Lars Lunde og Tuva Skulstad.

    03.07.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat seriestemne 17.6.2015

    Onsdag 17.juni vart det arrangert seriestemne på Stord stadion i lett regn og ein ubetydeleg vind. Mange gode resultat vart oppnådd, der sesongdebuten til Thomas Heggøy på 600m vart på 1,22,66.

    24.06.2015 |Nils Hetleflåt
  • Reiserapport frå treningsleir i Font Romeu i Frankrike

    For tida er nokre av våre løparar på høgde treningsleir i Font-Romeu i Frankrike og her kommer ein liten rapport frå Jakob Hystad.

    15.06.2015 |Nils Hetleflåt
  • Tyrvinglekene 2015 og Haugesund Sparebank Cup nr 2

    Under årets Tyrvingleker var det Lars Lunde som representerte Stord sine farger. På fredag var det 3000m og har sprang Lars inn til årsbeste med tida 8,38,90 og det holdt til 11.plass på distansen.

    15.06.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Bruløpet og halvmaraton 10/6 2015

    Det var 92 løparar som fullførte dagens konkurranse, bruløpet på 10 km og halvmaraton, under fuktige forhold. Forholda var likevel gode og det var lite vind over bruene, slik at mange fekk både personlege rekordar og årsbeste. 

    10.06.2015 |Nils Hetleflåt
  • Stadionmila på Kristiansand stadion 6/6-2015

    Lars Lunde var i kveld på jakt etter EM kravet på 10000 m for menn junior som er på 31,30 min på Kristiansand stadion, då han skulle debutera på distansen. Totalt stilte det opp 23 løparar i eliteheatet.

    06.06.2015 |Nils Hetleflåt
  • Lysefjorden inn laurdag 6.juni

    Det var to løparar frå klubben som stilte opp i det 62 km lange Lysefjorden inn i dag og det var Jacob Hystad og Arnfinn Aadland. Jacob vart nr to i fjor medan Arnfinn skulle debutera i løpet. Også Bernt Vinsnesbakk frå Stord sprang løpet.

    06.06.2015 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå NMC på Jessheim torsdag 4.juni

    Dei to representantene frå Stord som deltok på Norwegianmilersclub stemnet på Jessheim torsdag 4.juni var Mari Aarskog Nesse og Tom Erling Kårbø.

    05.06.2015 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå Framolekene 28.-31.mai

    I dag starta Framolekene 2015 og det skal holda på i 4 dagar. Frå Stord er følgjande påmeldt: Mari Aa. Nesse, Lars Lunde, Sondre E. Øvrebø, Kasper A. R. Tonning, Saga E. R. Tonning, Maria N. Bjelland, Marie Aa. Djuve, Ida H. Neset, Julian S. Aasheim og Tom Erling Kårbø.

    28.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Elitestemne på Hamar 23/5

    Lars Lunde var Stord sin representant på det første elitestemne i årets sesong som gjekk føre seg på Hamar. På 3000m kom han inn til tida 8,40,41 som plasserte han på 18. plass av totalt 49 løparar.

    25.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering andre dag i mailekene i Haugesund

    Det var langt frå dei beste forholda under andre dag av årets maileker i Haugesund, men utøvarane frå Stord presterte mange gode resultater.

    25.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Oppsummering første dag frå mailekene i Haugesund

    Utøvarane frå Stord satte mange nye personlege rekordar på Haugesund stadion under kjølige forhold og med sjenarande vind. I 11 årsklassen for jenter var Sofie Skard og Tuva Eskeland i aksjon og det vart ny personleg rekordar for begge to i kula, liten ball, medan Sofie satte og rekordar på 60m og 60m hekk.

    23.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø i NCAA Allendale 21.5.2015

    Harald Kårbø sprang 3000m hinder forsøk under NCAA championship divisjon 2 i Allendale, Michigan på torsdag 21.mai. I det første heatet fekk Harald det tungt allerede frå starten, men han hang seg fast på halen i ca 1200m før han måtte sleppa hovudfeltet. Han sprang inn til tida 9,25,30 og 9.plas i heatet, som er langt frå hans årsbeste.

    22.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Stor aktivitet for Stord friidrett denne helga

    Det starter allerede på torsdag med Harald Kårbø i NCAA championship division 2 i Allendale, Michigan, forsøk på 3000m hinder. Viss han kommer til finale så går den av stabelen fredag kveld. Dette arrangementet vert streama på www.ncaa.com kor ein må velga track and field division 2.

    19.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Tinestafetten 2015

    Årets Tinestafett for 6.-9.klasser vart avvikla på Stord stadion tysdag 12.mai med Stord IL-friidrett som teknisk arrangør. I alt var det påmeldt 64 lag, men nokre forfall gjorde at totalen vart noko mindre.

    12.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Mange perser i Karabinlekene 2015

    Oppdatert etter søndag 10.mai

    Rapport etter dei to første dagane av Karabinlekene på Fana stadion. Tuva Skulstad var den einaste Stord utøvar i aksjon på fredag under årets Karabinleker og det resulterte i 1.plass både på 60m og diskos. Resultata vart 8,94s på 60m og 24,04 m i diskos.

    09.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Fredsstafetten 2015

    Onsdag 6.mai arrangerte friidrettsgruppa den tradisjonsrike Fredsstafetten for 5.-7.klasse på Stord stadion. I år var det ein liten auke i antall lag som deltok, totalt 20 lag kor det var 12 lag i 5.klasse, 6 lag i 6.klasse og 2 lag i 7.klasse. Det var 2 heat for 5.klasse og 6. og 7.klasse sprang i lag. Stafetten består av 8 etapper på lengder mellom 100 og 175m og det er 4 gutar og 4 jenter på kvart lag.

    08.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Stord Rett Opp 3.5.2015 - 3 løp i TdS

    Under dagens 3.løp i Tour de Stord, Stord Rett Opp, som starta ved Lundekollen og hadde målgang 4150 m seinare var det 49 startande løparar, noko som er deltakarrekord. Grunna mykje snø i fjellet vart løypa i år vel 800m kortare enn kva den har vore ved tidlegare arrangement.

    03.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat løp 2 i Tour de Stord 2.mai

    På dagens jaktstart i Leirvik sentrum vart deltakarane møtt av flott solskinnsvêr og ein temperatur på ca 13-14 grader. Tom Erling Kårbø sprang først ut med eit forsprang på 11 sek til Lars Lunde. Deretter fulgte løparane på ei snor. Etter passering første runde på 1200m var Lars knappe 2 sekund bak, men med rutinen til Tom Erling så auka avstanden til 22 sekund etter at løpet var unnagjort. Totalt stilte det opp 15 løparar på dagens jaktstart.

    02.05.2015 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø med beste tid på 1.løp i Tour de Stord

    Det møtte opp 19 løparar på dagens 1.løp i Tour de Stord ved KIWI butikken på Heiane. Litt spesielt var det at kvar og ein løpar måtte springa åleina med 1 min startintervall mellom kvarandre. I det vel 1500m lange løpet var det Tom Erling Kårbø som sprang raskast med tida 4,09 min, medan Thomas Heggøy og Lars Lunde begge sprang på 4,20 min. Raskaste løparar av damene var Mari Aarskog Nesse med tida 5,03 min.

    30.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • Startliste prolog Tour de Stord

    Då er det like før start på årets Tour de Stord og det er 17 løparar  som er påmeldt for heile touren.

    30.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • Seriestemne 27.april

    Årets første seriestemne utandørs vart avvikla under kjølige forhold på Stord stadion i kveld. Utøvarar frå Fitjar IL og Stord IL stilte opp og det vart satt mange nye personlege rekordar.

    27.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • Seriestemne 27.april

    Årets første seriestemne utandørs vart avvikla under kjølige forhold på Stord stadion i kveld. Utøvarar frå Fitjar IL og Stord IL stilte opp og det vart satt mange nye personlege rekordar.

    27.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • Bergen City Maraton 2015

    Mange stordabuar tok turen til Bergen laurdag 25.april for å springa Bergen City Maraton. Eit typisk vetslandsvêr møtte deltakarane med regn, vind og ein temperatur under 10 grader. På halvmaraton var det dei sterkaste resultata kom for stordabuane denne dagen.

    26.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • NM terrengløp på Ås 18/4-2015

    Mari Aarskog Nesse var den løparen som representerte Stord sine fargar under dagens NM i terrengløp korte løyper på Ås i Akershus fylke.

    18.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø har starta utandørssesongen sin i 2015 i USA

    På fredag 17.april var Harald Kårbø i aksjon på 3000m hinder under det kjente stemnet Mt.Sac i Los Angeles. I det nest beste heatet sprang Harald inn til tida 8,56,82 og plasserte seg som nr. 8 i feltet. Med denne tida så ligg han på 6 plass på 3000m hinder i divisjon 2 i USA og er på det nærmaste klar for distansen til NCAA championship i Allendale i slutten av mai. 

    18.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • EM/VM 24 timers løp i Torino

    Peter Tubaas, Stord IL, representerte Noreg i 24t EM/VM i Torino 11-12/4. Med resultatet 211,267 km vart han nr 67 i VM og det norske laget vart nr 7 j lagmeisterskapet.

    18.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • Sentrumsstafetten 11.april 20145

    I dag vart sentrumsstafetten arrangert for 5.gong, med start ved Kulturhuset og mål ved pavillijongen ved Bakeriet Frugård. Totalt 32 lag frå klassetrinna 4.-7. på Stord samt to lærarlag stilte opp, som bestod av 4 løparar på kvart lag. Startetappen og siste etappe vart sprunget av jenter medan 2. og 3.etappe vart sprunge av gutar. Vinnarlaga fekk pizzaer til heile klassen medan alle løparane fekk is, dette vart gitt av sentrumsforeininga i Leirvik og AMFI Stord.

    11.04.2015 |Nils Hetleflåt
  • Rapport KM terrengløp på Stord laurdag 21.mars 2015

    Årets kretsmeisterskap i terrengløp vart avvikla på Stord golfpark under fine forhold, der sola var framme heile tida, men i ein litt kjølig vind. Innlagt i arrangementet var det tradisjonelle Parkløpet for rekruttklassane og jenter/gutar 10 år. Stord IL inviterer barneskulane i kommunen til å melda på elevane sine i dette arrangementet og derfor er det ein god deltaking i desse klassane.

    22.03.2015 |Nils Hetleflåt
  • KM terrengløp på Stord 21.mars

    Til helga vert KM i terrengløp arrangert av Stord IL-friidrett på Stord golfpark på prestegarden.

    Her er tidsskjema for arrangementet 

    Foreløpig startliste

    19.03.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat hallstemne i Haugesund 4.mars

    Under sesongens siste innandørs stemne i Deep Ocean Arena i Haugesund 4.mars stilte det 4 utøvarar frå Stord IL til dyst.

    05.03.2015 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø sprang NSIC conferance championship i Mankato

    Harald Kårbø sprang både mile og 3000m denne helga for Augustana College i NSIC conferance championship i Mankato i Minnesota. Det var først forsøksheat på mile torsdag 26.februar kor han kontrollert sprang inn til 4.plass med tida 4,29,06 og klar for finale på fredagen. Der etter var det klart for 3000m kor Harald sprang inn til 5.plass med tida 8,31,88.

    02.03.2015 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø med ny pers på 3000m

    Under helgas stemne i Brookings i South Dakota sprang Harald Kårbø inn til seier med tida 8,20,17 og var med det over 2 sekund foran nr.2 i løpet. Med dette satte Harald ny personleg rekord med over 3 sekund.

    16.02.2015 |Nils Hetleflåt
  • Hallstemne i Haugesund 11.februar

    Onsdag 11.februar er det klart for eit nytt innandørs hallstemne i Haugesund for dei som er eldre enn 13 år. 

    Frå Stord IL er følgjande meldt på til stemnet: Tuva Skulstad, Joakim Moss Grutle, Asbjørn Lunde dy, Kim Berland Laitinen, Per Gregersen og Oddvar Hårde. 

    Resultat vert kunngjort her etter stemnet.

    10.02.2015 |Nils Hetleflåt
  • NM innandørs i Steinkjer

    Lars Lunde er einaste utøvaren frå Stord IL som deltar på innandørs NM i Steinkjer denne helga. Han skal springa 1500m på laurdag med start kl 14.45 og 3000m søndag med start kl 11.20. Stemnet vert streama direkte på www.friidrett.no og ein finn alt om stemnet på følgjande side: http://www.nm.steinkjerfik.no/.

    06.02.2015 |Nils Hetleflåt
  • Stord utøvar tatt ut til å representere Noreg I EM/VM i 24 timers i Torino

    Ultraløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund har tatt ut  Stord utøvar Peter Tubaas til å representere Noreg i EM/VM i 24 timars løp i Torino 11-12.april. 

    01.02.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat 2.dag frå Pingvinlekene

    På 2. dag av Pingvinlekene var det 3 stordabuar i aksjon. Først i ilden var Tuva Skulstad (18) på 60m og med tida 8,88 vart det ein 5.plass og ny årsbeste. Ein forbetring med 18 hundredeler frå fredagens stemne på Stord. Maria Nerhus Bjelland (12) var først i aksjon på 200m og ho leia sitt heat fram til ho snubla 10 m føre mål. Sluttida vart då 36,47 på Maria. 1 time etter på var ho klar for 600m og der sprang ho inn til 2. plass med tida 1,59,73, knappe sekundet bak persen som ho satte forrige helg. Lars Lunde var i aksjon på 600m og han kom i mål på tida 1,25,34, noko som holdt til 3.plass. Dette var ny pers for Lars og lover bra foran neste helgs senior NM i Steinkjer.

    01.02.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat 1.dag frå Pingvinlekene

    Dei to stordabuane som deltok på første dag av Pingvinlekene i Leikvanghallen, Ida Holm Neset (12) og Lars Lunde (18) gjorde sine saker svært godt.

    31.01.2015 |Nils Hetleflåt
  • Resultat hallstemne på Stord 30.januar

    Det var rundt 45 deltakarar frå Stord, Bremnes og Fitjar som møtte opp til hallstemne på Stord fredag 30.januar. Det vart mange nye personlege rekordar på utøvarane og for mange var det første gong dei deltok på stemne. På vel 2,5t vart stemnet gjennomført.

    Her kan du finna resultata

    30.01.2015 |Nils Hetleflåt
  • Tidsskjema hallstemne

    Tidsskjema for hallstemne på Vikahaugane Stord Sportsenter fredag 30.januar er klart. Du finn det ved å trykke her.

    Mør opp i god tid.

    NB!! Det er  bare tillatt å bruke 5mm butte pigger i piggsko.

    29.01.2015
  • Resultat Nornalekene 2015

    Under helgas Nornaleker i Leikvanghallen med innlagt KM oppnådde Stord sine utøvarar mange gode resultat.

    25.01.2015 |Nils Hetleflåt
  • Nornalekene 2015

    På laurdag og søndag vert Nornalekene 2015 arrangert i Leikvanghallen. Frå Stord stiller følgjande deltakarar: Thomas Heggøy, Lars Lunde, Ida Holm Neset og Maria Nerhus Bjelland.

    22.01.2015
  • Treningstider 2015

    Dei nye treningstidene for 2015 er her. Du finn dei og under fana ungdomsavdeling - treningstider.

    09.01.2015 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø sprang inn til 6.plass i NCAA cross country championship

    På dagens NCAA cross country championship division 2 i Louisville, Kentucky sprang Harald Kårbø inn til ein meget sterk 6.plass, med tida 30,40 min, blant 245 fullførande løparar. I den meget krevende løypa på ca 9,6 km var Harald 38 sek bak den suverene vinnaren Tabor Stevens frå Adams State, medan det var 14 sek opp til 3.plass. Harald opna tøft og låg med i tetpulja som bestod av 10 løparar dei første 3 km, då delte det seg opp i ei gruppe på 7 løparar og ei gruppe på 3 løparar kor Harald låg i. Ved passering 5 km var tetgruppa 5 sek føre Harld si gruppe og denne avstanden auka vidare utover i løpet. På den siste kilometeren klarte Harald å mobilisera og sprang seg opp til 6.plass etter å ha passert på 9.plass ved 8,4km. Dette var ein fin framgang frå i fjor då han sprang inn til 19.plass i det same meisterskapet.

    06.12.2014 |Nils Hetleflåt
  • Cross Country NCAA Championship i Louisville, Kentucky laurdag 6.desember

    Harald Kårbø er klar for Cross Country NCAA 2014 championship i Louisville, Kentucky på laurdag 6.desember. Skulen hans Augustana College er saman med 31 andre skular klar for finalen i terrengløp, der kvart lag består av 7 løparar. Totalt vert det 248 løparar i herreklassen. I fjor enda han på 19.plass i det same meisterskapet.

    03.12.2014 |Nils Hetleflåt
  • Stord på 6.plass i 1.divisjon menn

    I årets 1.divisjon hamna herrelaget til Stord på 6.plass etter opprykket frå 2013. Totalt er det 14 klubbar i 1.divisjon og det var ei overraskande sterk plassering av herrelaget. Totalt fekk Stord poengsummen 21718 på 30 resultat, kor det høgaste var 946 poeng for resultatet 8,39,54 på 3000m hinder av Tom Erling Kårbø. 

    28.11.2014 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø vann Central Region Championship i terrengløp

    Harald Kårbø vann Central Region Championship i terrengløp over 10 km i Wayne, Nebraska, laurdag 22. november. Med tida 30,36 min var han 7 sekund foran nr 2 i løpet og 30 sekund føre nr 3. Harald låg i hovudfeltet dei første 2 mile (ca 3,2 km) før han satte inn eit rykk og opparbeida seg ei luke til resten av feltet som splitta seg opp etter dette. Etter 9 km vart han pressa av løparen frå Missouri Southern, Eric Schott, men han holdt unna inn til målpassering. 

    23.11.2014 |Nils Hetleflåt
  • Sesongavslutnings fest 2014

    Det var omlag 40 personar som møtte opp til sesongavslutninga 2014 for Stord IL-friidrett . Med utdeling av mange premiar, pizza og brus samt nokre quizer gjekk kvelden raskt.

    21.11.2014
  • 17.11.2014 |Nils Hetleflåt
  • Laila Mehus vann Oslo maraton 20.9.2014

    I sitt debutløp på maraton vart det siger til Laila Mehus i Oslo maraton med den sterke tida 2,54,27 og med det var ho over 2 min føre nummer to i dameklassen. Dei som fulgte med på direkte sendinga på NRK kunne følga Laila på dei siste 1,5 km av løpet. På telefon etter løpet kunne ho fortelle om ein fin første 25km, medan det byrja å verte tyngre etterkvart og at dei siste 6 km var bly tunge. Stive lår vart det og dermed vart ein leiing på over 6 min redusert på slutten, men det var aldri fare for sigeren. Ho passerte halvvegs på 1,20,55, noko som bare er 30 sekund bak den personlege rekorden på halvmaraton så ein kan trygt seie at ho satsa frå start av. 

    21.09.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå Haugesund Sparebank cup 17.09.2014

    I kveld vart årets siste Haugesund Sparebank cup, det fjerde i serien, arrangert av Haugesund IL-friidrett i eit flott haustvêr. Det var 5 utøvarar frå Stord som stilte opp og alle var i 11-årsklassen. Julian Skimmeland Aasheim starta med lengde og han satte ny pers med 4,27m. I lengde for jenter 11 år vart det resultata som følger: Ida Holm Neset 3,50m, Anissa Olsson 3,24 m (pers), Maria Nerhus Bjelland 3,12 m (pers), Maria Aadland Djuve 2,98m. I høgde vart det 1,30m for Julian. På 60m for jenter 11 år vart resultata: Ida 9,41; Maria 9,95; Marie 10,07; Anissa 10,16. I  kule jenter 11: Marie 5,34 m og Anissa 3,99m.

    17.09.2014 |Nils Hetleflåt
  • Førehåndstips om NCAA divisjon 2 i USA

    På den amerikanske nettsida www.flotrack.org har dei ein førehåndsreportasje om terrengløpssesongen 2014 for NCAA divisjon 2. Her har dei rangert Harald Kårbø på 9.plass, så det skal verte spennande å følga Harald denne hausten og sjå om han kan oppnå denne plasseringa. NCAA championship vert arrangert 6.desember.

    16.09.2014 |Nils Hetleflåt
  • 16.09.2014 |Nils Hetleflåt
  • UM 15-19 i Haugesund 5.-7.9 2014

    Under årets ungdomsmeisterskap for 15-19 år som vart arrangert i Haugesund frå 5.-7.september var Stord IL-friidrett representert med følgjande utøvarar: Mari Aarskog Nesse (18), Marthe Johanne Tangedal Mehus (17), Asbjørn Lunde dy (19), Joakim Moss Grutle (18), Erlend Mæland (18), Sondre Mæland (18), Lars Lunde (17). 

    08.09.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Stordløpet 7.9.2014

    Dagens Stordløp vart arrangert under gode forhold, men i deler av løypa var det blautt etter kraftig regn i løpet av kvelden og natta i forvegen. Først var det start på turklassen og sidan var det barneløpet og til slutt var starten på 6 og 12 km. Det var 38 startande på 12 km og 23 startande på 6km. I barneløpet var det omlag 50 som starta, medan det i turklassen var omlag 80 personar.

    07.09.2014 |Nils Hetleflåt
  • Nm gull til Stord på Jessheim

    Stord IL sin tropp i senior NM, som bestod av Tom Erling Kårbø, Harald Kårbø, Jørund Løken, Lars Lunde og Mari Aarskog Nesse returnerte frå Jessheim med eitt gull, ein bronse , ein 4.plass, to stk 5.plasser, ein 9.plass og ein 13.plass.

    25.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • NM senior på Jessheim 22.-24.august

    Til helga vert NM senior arrangert på Jessheim i Ullensaker kommune og frå Stord IL stiller følgjande til start: Tom Erling Kårbø 1500m og 3000m hinder, Harald Kårbø - 3000m hinder, Lars Lunde - 3000m hinder, Jørund Løken - spyd og Mari Aarskog Nesse - 1500m og 3000m hinder.

    21.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tjalvelekene

    Lars Lunde var i helga i aksjon på Mizuno Tjalvelekene på Bislett kor han sprang 800m på laurdag og 3000m på søndag. Resultata vart 2,00,16 på 800m,  som gav 20.plass og 8,43,11 på 3000m, som gav 10.plass i seniorklassen.

    20.08.2014
  • Stordleikane 2014

    Årets Stordleikar er ferdig og det vart satt heile 23 nye stemnerekordar, 21 resultat over 1000 poeng av  9 einskild utøvarar som dermed gjorde seg fortjent til eit par joggesko.

    Resultata ligg ute på linken til Stordleikane på venstre sida .

    20.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå nordisk juniorlandskamp i Kristiansand

    Våre to utøvarar frå Stord IL som representerte Noreg i nordiske junorlandskampen i Kristiansand kom godt ut av stemnet.

    20.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • 13.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Slått ut i forsøket på EM

    Tom Erling Kårbø sprang inn til 9.plass i sitt forsøksheat med tida 8,42,33 på 3000m hinder. Dette holdt ikkje til å gå vidare til finalen då det gjekk fortare i det 2.heatet. For å nå finalen måtte han ha sprunge på 8.37.02. Totalt fekk han den 19.beste tida i forsøksheatet.

    12.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling starter i heat 1 i EM tysdag 12.august

    Tom Erling Kårbø starter i heat 1 på 3000m hinder i EM i Zürich, tysdag 12.august, og start tidspunktet er kl 12:20. Løpet går direkte på NRK. Det er dei 5 første i kvart heat pluss 5 beste tider deretter som går til finale.

    11.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Gull i junior NM til Stord på dag 3 i Fredrikstad

    Det vart eit nytt gull til Stord ved Harald Kårbø på 3000m hinder i U23 klassen under junior NM i Fredrikstad på søndag 10.august.  I tillegg sprang Lars Lunde inn til bronse på 3000m hinder i U20 klassen. Sondre Øvrebø støtte kula og det gav han 4.plass i U-23 klassen, medan Jørund Løken i spyd kom på 5.plass og Asbjørn Lunde dy i kula kom på 6.plass i kula. Begge to konkurrerte i U20 klassen.

    11.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport dag 2 på NM junior Fredrikstad

    På 1500m finale i menn junior U-20 var det Lars Lunde og Lars Jonassen Føyen som representerte Stord. Det var lav fart frå start av og feltet låg i ein klump etter første runde, der det var mykje knuffing mellom løparane. Dette var og stoda etter passering 800m, og ut på 3.runde vart det eit fall i feltet i det farten vart satt opp og Lars J.Føyen som låg bak i feltet kom ut av balanse i det han tråkka over. dermed mista han feltet. Lars Lunde avanserte til 3.plass ved passering 1100m og holdt god fart, men når farten vart satt opp enda eit hakk etter 1300m mista han terreng til teten. Lars L. sprang inn til 7.plass og Lars J.Føyen til 9.plass der tidene var hv 4,10,66 og 4,15,12.

    09.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Gull i junior NM til Stord på dag 1 i Fredrikstad

    Det vart gull til Lars Jonasen Føyen på 5000m i U-20 og bronse til Sondre Egeli Øvrebø i diskos i U-23.

    09.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Gull i junior NM til Stord på dag 1 i Fredrikstad

    Det vart gull til Lars Jonasen Føyen på 5000m i U-20 og bronse til Sondre Egeli Øvrebø i diskos i U-23.

    09.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø klar for EM i Zürich

    I dag kom beskjeden frå Norges Friidrettsforbund om at Tom Erling Kårbø er klar på 3000m hinder i EM i Zürich i perioden 12-17.august. Med dette så har han nådd ein ny milepæl i sin idrettskarriere, frå før har han delteke på EM U-23 i Ostrava, EM terrengløp i både U-20 og U-23. Han har representert Noreg i landskamp både innandørs og utandørs for senior, U-23 og U-20.

    04.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå Audun Boysen Memorial på Bislett 2.august

    På det tredje elitestemnet for sesongen i Noreg var det 3 utøvarar frå Stord IL-friidrett som stilte til start på 1500m. I a-heatet var det brødrene Kårbø, medan Lars Lunde vart plassert i b-heatet.

    Tidene vart: Tom Erlng Kårbø 3,45,46 (p), Lars Lunde 3,57,37, Harald Kårbø 3,57,97

    04.08.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat nordisk- baltisk meisterskap U23

    Harald Kårbø sprang 3000m hinder for det norske landslaget i nordisk- baltisk meisterskap U23 i København på søndag. I den sterke heten tok Harald det kontrollert frå starten av løpet og la seg avventande bak i feltet. Med to rundar i igjen byrja han å avansere og ved passering 1 runde var det bare dansken som låg foran han. Etter ein sterk siste runde sprang Harald inn som vinnar av løpet med tida 9,04,73 og seiersmarginen vart på nær 5 sekund. Harald er første vinnar frå Stord IL i dette meisterskapet gjennom tidene.

    29.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat junior-VM Eugene

    På dagens 10000 meter i junior VM i Eugene sprang Lars Jonassen Føen inn på tida 32,39,70 og kom på 35.plass, den andre norske deltakaren Kristian Tjørnhom sprang inn til 31.plass med tida 32,08,79. Vinnaren frå Uganda sprang på 28,32,86

    23.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Startliste for 10000m i junor VM i Eugene

    Her er all informasjon om junior-VM i Eugene, USA. For Lars sin øvelse på 10000m  er det bekrafta at det stiller 38 utøvarar på startstreken. Løpet hans startar kl 20:40 lokal tid, altså klokka 05:40 i Noreg onsdag 23.juli. Med sin pers er Lars rangert som nr 36 av dei deltakande løparane, så det er ikkje tvil om at han skal møta mange gode konkurrenter. 

    Alt har godt etter planen for Lars i precampen og han gleder seg til dagens konkurranse. Løpet vert streama så dei som står tidleg opp kan følga med live frå USA, evt så går det i opptak ei 2t sending på Eurosport 2 frå kl 08:30 på onsdag 23.juli.

     

     

    20.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Nordisk-Baltisk meisterskap U-23 i København 26.-27.7

    Harald Kårbø er tatt ut til å representere Noreg i U-23 nordisk/baltisk meisterskap i København 26.-27.7. Han skal springa 3000m hinder.

    20.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat kretsstemne på Haugesund stadion 16/7

    Resultat frå kretsstemne på Haugesund stadion 16/7-2014:

    800m: Lars Lunde 1,58,69

    Diskos (1,75kg): Asbjørn Lunde dy 39,43m

    17.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Folksam Grand Prix i Karlstad

    Under kveldens Folksam Grand Prix i Karlstad 16.7 sprang Tom Erling og Harald Kårbø 3000m hinder. I det 15 mann store heatet, kor vinnaren sprang inn til tida 8,34,04 kom Tom Erling inn på tida 8,48,69 medan Harald fekk tida 9,00,78. Dette holdt til hhv 6. og 8.plass i feltet.

    16.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Lars Jonassen Føyen tatt i ut Noregs tropp til junior-Vm i Eugene

    På torsdag 10.juli vart det endeleg klart at Lars Jonassen Føyen var klar for den norske troppen, som består av 25 utøvarar, til junior VM i friidrett. Meisterskapet skal foregå i Eugene i staten Oregon i USA i tidsrommet 22.-27.juli. Med dette så er Lars den første frå Stord IL til å representere Noreg i eit junior vm i friidrett og han skal springa 10000 meter tysdag 22.juli kl 20:35 lokaltid (05:35 23.juli norsk tid).

    13.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm 6.-7.juli

    Stord deltok med følgjande deltakarar på Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm i helga: Harald Kårbø, Asbjørn Lunde dy, Erlend Mæland, Sondre Mæland, Lars Lunde, Mari Aarskog Nesse og Marthe Johanne Tangedal Mehus. 

    Dei to beste resultata kom på 1500m for Stord sine utøvarar kor Harald Kårbø sprang på 3,54,41 og Lars Lunde sprang inn til 3,56,55, som er pers med nesten 4 sekund.

    07.07.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå dag 3 i Värdsungdomsspelen i Gøteborg

    På tredje konkurransedag under Värdsungdomsspelen i Gøteborg vart det satt ein ny personleg rekord av Stord utøvar. Det var Lars Lunde på 3000m som sprang inn til 5.plass med tida 8,40,36 i P17. Dette var hans tredje pers i helga på 3 ulike distanser. Både Sondre Mæland og Erlend Mæland sprang inn til årsbeste noteringar på 800m med hhv 2,05,85 og 2,06,68. Mari Aarskog Nesse sprang inn til 2,21,44 på 800m. Asbjørn Lunde dy kasta 40,41 m i diskos og plasserte seg som nr 12 i P19.

    29.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå dag 2 i Värdsungdomsspelen

    Det vart fleire nye persar på løparane våre i dag. Lars Lunde sprang inn til 4.plass på 1500m i P17 og det gjorde han på tida 4,00,53, noko som er ny personleg rekord med over 2 sekund. Han nærmar seg den "magiske" 4 minutters grensa. Erlend Mæland (18) sprang inn til tida 4,23,84 i klassen P19 og det er ny personelg rekord med nær 7 sekund, plasseringsmessig vart det 28.plass. Lars Jonassen Føyen sprang inn til 3,59,76 på sin 1500m og plasserte seg som nr. 11 i seniorklassen. Mari Aarskog Nesse sprang inn til ny årsbeste med 4,43,54 og 13.plass i seniorklassen.

    29.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå dag 2 i Värdsungdomsspelen

    Det vart fleire nye persar på løparane våre i dag. Lars Lunde sprang inn til 4.plass på 1500m i P17 og det gjorde han på tida 4,00,53, noko som er ny personleg rekord med over 2 sekund. Han nærmar seg den "magiske" 4 minutters grensa. Erlend Mæland (18) sprang inn til tida 4,23,84 i klassen P19 og det er ny personelg rekord med nær 7 sekund, plasseringsmessig vart det 28.plass. Lars Jonassen Føyen sprang inn til 3,59,76 på sin 1500m og plasserte seg som nr. 11 i seniorklassen. Mari Aarskog Nesse sprang inn til ny årsbeste med 4,43,54 og 13.plass i seniorklassen.

    29.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport frå dag 1 i Värdsungdomsspelen i Gøteborg

    Under første dag av Värdsungdomsspelen i Gøteborg var det 3 utøvarar frå Stord IL som var i aksjon. Lars Lunde sprang 2000m hinder og han kom i mål på tida 6,07,35 og det holdt til 2.plass i klassen. Dette var ny personleg rekord med over 10 sekund og under kravet til senior-Nm, som går av stabelen på Jessheim 22.-24.august. Mari Aarskog Nesse debuterte på 3000 m hinder og det gjorde ho med tida 11,07,39. Dette gav ein 7.plass i seniorklassen. Lars Jonassen Føyen debuterte på 5000m og sprang i seniorklassen. Han gjekk bort og vann heile løpet og sprang inn til tida 14,41,67.

    27.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling sprang for Noreg i lag EM i Tallin

    Under forrige helgs lag EM i første divisjon i Tallin, Estland, sprang Tom Erling Kårbø 3000m hinder for Noreg. I dette løpe vart det roleg fart frå starten og feltet låg samla, med Tom Erling på 4.-6.plass i løpet av dei første 5 rundane. Med 800m igjen å springa vart tempoet auka betrakteleg og Tom Erling hang lett med teten. Ved neste tempo auke med 400m igjen gjekk han opp på fjerde plass og han sprang seg opp på 3.plass ved målpassering, der tida vart 8,49,34.

    27.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling klar for Noreg i First League til helga

    Tom Erling Kårbø er tatt ut til å springa 3000m hinder for Noreg til helga i first league i lag-EM i Tallin i Estland. Dette er første gong han skal representere Noreg i denne konkurranseformen, i fjor var det broderen Harald som var Noreg sin representant. Løpet vert på søndag 22.juni og det går direkte på NRK tv, med start kl 14.25.

    17.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tyrvinglekene dag 3

    På dag 3 under Tyrvinglekene var det Asbjørn Lunde dy og Joakim Moss Grutle som var i aksjon. På 100m vart tidene 11,63 for Joakim og 12,18 for Asbjørn. I kula vart det 3.plass på Asbjørn med resultatet 11,66m, medan Joakim satte ny årsbeste i lengde med resultatet 6,30m. Det holdt til 3.plass i klassen.

    15.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Folksam Challenge i Gøteborg

    Brødrene Kårbø sprang deltok på 3000m hinder i Gøteborg på fredagskveld under stemnet Folksam Challenge. Det var vindfullt her og, som på Tyrvinglekene, slik at ein hadde ikkje dei beste forholda. Harald sprang som hare første 2200m og det gjorde han i ein fart til 8,45, men Tom Erling hadde ikkje dagen og måtte nøye seg med 3.plass på tida 8,51,87.

    15.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tyrvinglekene dag 2

    Under 2.dag av Tyrvinglekene som hadde ideelle forhold var det 2 løparar som var i liden på 800m.

    Mari Aarskog Nesse sprang i b-heatet på 800m og kom i mål som  vinnar med tida 2,20,82 , nokko som er årsbeste for henne. I menn senior sprang Lars Lunde i b-heatet for menn. Etter å ha passert som 5 løpar på ca 58 sekund avanserte Lars i feltet etter 500m og passerte som nr 2 ved 600m. Denne plassen holdt han heilt til mål og han fekk tida 1,58,42, som er ny pers med 1,5 sekund. 

    15.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Ny lagsrekord på 3000 meter for kvinner

    På første dag av Tyrvinglekene satte Mari Aarskog Nesse ny lagsrekord på 3000 meter for kvinner med tida 10,12,69 og ho vart med det nr. 4 i klasse J18/19. Dette var ein forbetring av den gamle rekorden med 1,2 sekund som ho hadde frå 2013. I dei rådande forholda som var på banen i dag med motvind opp mot 5 m/s på oppløpssida så var det eit flott resultat.

    14.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Alt klart for Tyrvinglekene og Folksam Challenge

    Denne helga er Stord IL-friidrett representert på Tyrvinglekene på Nadderud stadion i Bærum og Folksam Challenge i Gøteborg.

    Dei som stiller på Tyrvinglekene er: Asbjørn Lunde dy, Joakim Moss Grutle, Jørund Løken, Lars Jonassen Føyen, Mari Aarskog Nesse og Lars Lunde. På Folksam Challenge er det Tom Erling Kårbø og Harald Kårbø som stiller på 3000m hinder. Harald er hare for Tom Erling i hans forsøk på å sette ny personleg rekord og dette løpet går i kveld, fredag 13.juni.

    13.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Bruløpet

    Det vart heltisk ved startområdet på Fylkesnes bil då bruløpet og halvmaraton vart arrangert onsdag 11.juni. Mange løparar møtte opp og meldte seg på ved start slik at det vart over 100 personar som starta. Med det vart ein milepæl brutt i det me kom opp i eit tresifra tall og det er ein auke frå fjorårets deltakartal som var på 84.

     

    12.06.2014
  • Bislett Games onsdag 11.juni

    Lars Jonassen Føyen er klar for 1500m på Bislett Games. På kveldens 1500m spring han i det sterkaste feltet han nokon gong har vore med på og han er ein av 10 nordmenn i løpet som inneheldt 20 løparar. Starten er kl 18:03, medan tv sendinga starter kl 17:50. Om dei viser noko av hans løp på tv er usikkert.

    Lars fekk det tøft på Bislett Games i kveld. Det vart lova høg fart i feltet og det vart. Haren drog avgårde og feltet strak seg ut ganske raskt, med Lars på halen dei første 400m som vart passert på ca 61 sek av han. Det vart utkrystallisert ein baktropp på 3 løparar ved passering 800m beståande av Lars, Erik Hovlandsdal og Anders Sørensen, som gjekk unna på 2,03. Erik stod av løpet etter ca 1150m, medan Lars passert Anders rundt 1200m og tida viste 3,08. Sluttida vart 3,56,55 og det er det nest raskaste han har løpt på. Han var nok ikkje heilt restituert etter den harde 10000 meteren forrige torsdag, men han fekk ein kjekk opplevelse på stemnet.

    11.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Alt klart for bruløp og 1/2-maraton i dag

    Alt er klart for bruløpet på 10 km og 1/2-maraton til kvelden. Forhåndspåmeldinga viser at det er 50 påmeldte, 22 på 10 km og 28 på halvmarato. Det er fortsatt plass til fleire løparar så det er bare til å stilla opp. Starten går kl 18:00 for halvmaraton og kl 18.15 for 10 km.

    Meir informasjon om arrangement på høgre sida i menyen.

    11.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Lars Jonassen Føyen sprang under junior VM-kravet på 10000m

    På dagens stadionmil på Kristiansand stadion debuterte Lars Jonassen Føyen på 10000m bane og for ein debut det vart. Med tida 31,17 sprang han 12 sekund under kravet til junior-VM på 10000m og vart nr 2 i løpet. Han var beste juniorløpar i feltet og han har med dette løpet lagt inn gode aksjer til å få seg ein tur til junior-VM i Eugene i Oregon på vestkysten av USA i siste del av juli.

    05.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling sprang elitestemne på Jessheim

    Tom Erling Kårbø årsdebuterte på 1500m under dagens elitestemne på Jessheim. I eit stort felt sprang han inn til 8.plass med tida 3,47,17 og enda 1,22 sekund bak persen sin som er frå 2012. 

    05.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Haugesund Sparebankcup nr 2 3.6.2014

    På tysdagens stemne på Frakkagjerd stadion i Tysvær kommune 3.juni stilte 4 jenter i klasse 11 år frå Stord IL. Alle var med på 60m og 3 av dei sprang 600m og ei av jentene hoppa høgde.

    04.06.2014
  • Rapport 4.dag på Framolekene, søndag 1/6

    Den 4.dagen av Framolekene vart avvikla i fint somarvêr på Fana stadion, sjølv om det var litt overskya og småkjøleg på morgonkvisten. Julian Skimmeland Aasheim (11) i G-11 satte to nye personlege rekordar og han vann begge øvelsane sine. Med tida 6,48 på 40m var han 4 hundredelar foran 3 løparar og i høgde hoppa han 1,35. Lars Lunde sprang inn til 2.plass på 3000m i menn senior med tida 8,47,13.

    02.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling Kårbø under b-kravet til EM på 3000m hinder

    Tom Erling Kårbø sprang 3000m hinder i den belgiske byen Ordegeem laurdag 31.mai på sterke 8,39,54 og plasserte seg med det på 2.plass i konkurransen. Med denne tida sprang han under b-kravet til EM i Zürich som er på 8,45,00. Dette gir ingen garanti for start i EM, men han vil gå inn på ei venteliste. Skulle han springa under 8,37,50 på seinare konkurranser i år er ha nautomatisk kvalifisert. 

    01.06.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport 3.dag frå Framolekene laurdag 31.mai

    PÅ Framolekene sin 3.dag laurdag 31.mai var det mange sterke resultater av Stord sine utøvarar. Julian Skimmeland Aaasheim (11) vann 600m med tida 1,48,92 (pers med ca 5 sek), i tillegg vart det 2.plass på 60m hekk med tida 10,71 og lengde med 4,01m. Lars Lunde (17) satte pers på 1500m med tida 4,02,89, noko som holdt til 5.plass i seniorklassen.

    01.06.2014
  • Rapport dag 2 på Framolekene 30.mai

    To nye utøvarar frå Stord er klare for UM i Haugesund etter 2.dag i Framolekene. Marthe Johanne Tangedal Mehus og Tuva Skulstad fekk opp hhv 27,97m og 26,75 i diskos i klasse J-17. Dette var solide nye personlege rekordar av begge to. I G18/19 satte Asbjørn Lunde dy ny personleg rekord med resultatet 41,09m i diskos og holdt til 5.plass. Sondre Egeli Øvrebø nærmar seg 40 meter streken og hamna denne gong på 39,95 m, som og er ny pers med 65 cm.

    31.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Framolekene 2014

    Framolekene 2014 vert arrangert på Fana stadion i tidsrommet 29.5-1.6. Stord IL-friidrett stiller med 12 utøvarar frå 11år til og med senior.

    All informasjon om stemnet finn du på www.framolekene.no.

     

    30.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport 2.dag frå Mailekene i Haugesund 25.mai

    Utøvarane frå Stord gjorde sine saker godt på 2.dag av Mailekene i Haugesund og reiste heim med mange personlege rekordar. På 600m i J-11 kom Ida Holm Neset under 2 min for første gong i karrieren, medan Maria Nerhus Bjelland sprang inn på 2,05 i sin debut på distansen. Dei var bege med på stafettlaget 4x60m i J11/12 saman med Marie Aadland Djuve og Sofie Skard. 

    27.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Rapport 1.dag frå Mailekene i Haugesund 24.mai

    Stord sine utøvarar gjorde sine saker godt i Haugesund under dagens Maileker, kor ein gunstig medvind på sprinten gav mange gode resultat. Jørund Løken starta sesongen med å kaste 59,38 m i spyd, medan Jaokim Moss Grutle hoppa 6,14 m i lengde i sin sesongopning. Julian Aasheim Skimmeland fekk bestemannspremie på hekk i årsklassane 11-14 år med 908 tyrvingpoeng.

    25.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø med kjempe pers i NCAA

    Harald Kårbø fekk med tida 8,50,21 på 3000m hinder i finalen NCAA outdoor track and field dhampionship 3.plass i Allendale, Michigan og ny pers med nær 10 sekund. Det var høg fart i feltet frå start av og vinnaren sprang i mål på ny meisterskapsrekord med tida 8,32, 45 noko som er den 8.ende raskaste gjeenom tidene i divisjon 2, medan sølvet gjekk på 8,49,22.

    24.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Norwegian Grand Prix på Bislett, torsdag 22.mai

    Under torsdagens Norwegian Grand Prix på Bislett sprang Lars Jonassen Føyen og Lars Lunde i b-heatet på 3000m, kor dei plasserte seg som nr 3 og 12. Tidene som dei sprang på var 8,28,12 for Lars F og 8.44.35 for Lars L. Dette var kraftige forbetringar for begge løparane frå i 2013 og det skal vere mogleg for begge å hente fleire sekund seinare i sesongen.

    23.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Mailekene i Haugesund 24.-25.mai

    På laurdag og søndag er det klart for Mailekene i Haugesund og Stord IL-friidrett reiser nedover med ein stor tropp til årets stemne.

    Oppmøte kl 09:00 på Esso i Sæ både laurdag og søndag for felles avreise.

    Informasjon om stemnet (slik som tidskjema og seinare resultat) finn ein på www.haugesundil.no.

     

    21.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø deltar på NCAA track and field i Allendale, Michigan 22.-23.mai

    Resultat frå forsøksheatet: Heat 2: 1. Harald Kårbø 9,05,86 (sb). Dermed vert det finale i natt, kl 01.00 norsk tid.

    Harald Kårbø er klar for NCAA outdoor track and field championships som vert i perioden 22.-24.mai i Allendale i staten Michigan i USA. Forsøket på 3000m hinder går av stabelen på torsdag 22.mai, medan finalen vert arrangert fredag 23.mai. Harald er rangert som nr 11 på bakgrunn av sesongen så langt i USA og det er dei 12 beste som spring i finalen.

    21.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Klart for elitestemnet Norway Grand Prix på Bislett stadion torsdag 22.mai

    På torsdag 22.mai er det klart for det første av 3 elitestemner i Noreg og det vert arrangert på Bislett stadion. Frå Stord IL-friidrett stiller: Tom Erling Kårbø, Lars Jonassen Føyen og Lars Lunde. Tom Erling spring i A-heatet, medan Lars F. og Lars L. spring i B-heatet. Starten er kl 18:00 for B-heatet og kl 18:45 for A-heatet. Arrangementet kan ein følga på streaming og linken er som følger: http://www.friidrett.no/elitestevne/Sider/Velkommen.aspx

    21.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Sterkt løp av Lars Jonassen Føyen

    Lars Jonassen Føyen var i Watford laurdag 17.mai istadenfor å gå i borgartoget på Stord og sprang 1500m i Britishmilersclub sitt arrangement. Han var i d-heatet kor det var lagt opp til ein fart på rundt 3,52 for dei 12 løparane som stod på startstreken.

    18.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Holmenkollstafetten 2014

    Stord sine løparar i eliteklassen for menn sprang inn til ein sterk 12.plass i dagens Holmenkollstafett med tida 55,04 min. Dette er ei forbetring av tida frå i fjor med over 1,30 min.

    10.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • 2014 NSIC Outdoor Track & Field Championships

    Denne helga er Harald Kårbø i aksjon for skulelaget sitt Augustana College på NSIC championships ved Winona, Minnesota. I dag sprang han 1500m forsøk, i det 2.heatet av 3 heat. Han vann heatet sitt på tida 4,01,82 og han har den 3.dje beste tida etter forsøksheata. 

    Oppdatert med resultat frå laurdagens øvelsar.

    09.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Karabinlekene på Fana stadion

    Til helga vert Karabinlekene arrangert av Fana IL-friidrett på Fana stadion og Stord IL er representert med utøvarar i dei yngste klassane. Det er: Tuva Eskeland, Sofie Skard, Ida Holm Neset, Marie Aadland Djuve, Kristofer Aadland Djuve og Julian Skimmeland Aasheim. For fleire av desse utøvarane er det første stemne utanfor Stord så det vert spennande. 

    09.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Holmenkollstafetten 10.mai 2014

    På laurdag er det klart for den tradisjonelle Holmenkollstafetten i Oslo sine gater og Stord IL-friidrett stiller i år lag i eliteklassen for menn. Etter opprykket som vart sikra med 2.plassen i fjor er målet for laget i år å halda seg i den gjevaste klassen. Det betyr at me må ha 4 norske lag oss på resultat lista. Her laget som sprang for Stord i 2012.

    08.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Fredsstafetten 2014

    Den tradisjonelle fredsstafetten for klassetrinna 5.-7 klasse på barneskulen vart avvikla på Stord stadion i dag i eit flott vårvêr. Stafetten består av 8 etapper, med 4 gutar og 4 jenter på laget, og total løypelengd på stafetten er ca 1000m.

    08.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Fredsstafetten 2014

    Fredsstafetten 2014 er utsatt frå onsdag 7.mai til torsdag 8.mai pga cupkamp i fotball på Stord stadion.

    07.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Opningsstemne på Fana stadion 6.mai

    Lars Lunde var den einast frå Stord som reiste til opningsstemnet på Fana stadion og han årsdebuterte på 1500m. Feltet hadde jamne rundar på 65s og med ein god avslutning vann Lars heatet på ny utandørs pers med tida 4,05,64. Ein god opning på sesongen av Lars.

    07.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Hovdingleikane 2014

    På årets Hovdingleikane, som vart arrangert på Leikvang stadion, var det 7 deltakarar frå Stord IL-friidrett. Det var forholdsvis kjølig, men vinden var stort sett innafor den lovlege grensa når det gjaldt sprint og hopp. For dei yngste vart det fleire persar og mange gode plasseringar.

    07.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Tom Erling sprang i Payton Invitational i Palo Alto, California

    Tom Erling Kårbø deltok ved det kjente stemnet Payton Invitational ved Stanford University i byen Palo Alto i California søndag 4.mai. Han sprang i b-heatet på 3000m hinder som inneholdt 16 løparar. Dette løpet kom på dag 1 etter eitt lengre høgdeopphald i Flagstaff i Arizona for Tom Erling. Med tida 8,53,14 sprang han inn til 13.plass i heatet.

    05.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat Stord Rett Opp 4.mai 2014

    Under flott solskinn gjekk dagens motbakke løp "Stord rett opp" av stabelen frå Lundekollen ved Lundssæter kraftstasjon til Kattnakken. Løpet er 4930 m langt og har ein høgdeskilnad på ca 500m. Totalt var det 52 løparar som sprang på tid, noko som er ny rekord , og det vart og løyperekord med tida 26,02 min. Denne bragden var det Thomas Finshus frå Stegaberg IL som stod for og det var ein forbetring på 3 sekundar

    04.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Stord Rett Opp søndag 4.mai

    På søndag 4.mai er det klart for motbakke løpet Stord Rett Opp, som starter kl 13:00 for mosjonsklassen med tid, frå kl 12:00 for turklasssen. Starten er ved Lundekollen som ligg like ved Lundssæter kraftstasjon.

    Løypelengda er ca 5 km og høgdeskilnaden er på ca 500m.

    01.05.2014 |Nils Hetleflåt
  • Sentrums stafetten laurdag 26.april

    For 3.året på rad arrangerte Stord IL-friidrett i samarbeid med Sentrumsforeningen, Amfi Stord og bladet Sunnhordland sentrumsstafetten for 4.-7.klasse. Det var flest deltakarar på dei to yngste klassetrinna og masse folk i sentrum slik at det mykje liv og røre. Dette året kom alle klassevinnarane frå Leirvik Skule, så det er tydeleg at dei har trent rundt Vikastemmo denne våren.

    Her er resultata:

    29.04.2014 |Nils Hetleflåt
  • Seriestemne Stord stadion fredag 25.april

    Første utandørsstemne vart arrangert på fredag 25.april på Stord stadion. Sondre E. Øvrebø slo til med ny pers i diskos og nærmar seg stadig 40 meters streken, det same gjeld Asbjørn. Fleire av våre yngre utøvarar satte nye personlege rekordar sidan dette var første stemne som dei deltok på.

    Her er resultata:

    29.04.2014 |Nils Hetleflåt
  • Siddisløpet 2014

    På Siddisløpet som vert arrangert i Stavanger og er 8,2km langt, deltok i dag Lars Jonassen Føyen. Han sprang inn til ein sterk 3.plass i eliteklassen med tida 25,55 min. Dette var over 1og 1/2 min raskare enn han sprang på i 2013. Lars kunne fortelle at han hadde god kontroll på 3.plassen og han var godt fornøgd med gjennomføringa av løpet sitt.

    26.04.2014 |Nils Hetleflåt
  • Harald Kårbø spring i Kansas Relays

    Harald Kårbø deltar på Kansas Relays for Augustana College. Torsdag 17.april var han i aksjon i det 3.heatet på 1500m. Etter å ha passert 300mpå 46,13 på 3.plass, sprang Harald seg opp i tet og hadde dei andre passeringane på hhv 1,50,80 (700m); 2,53,98 (1100m) og målpassering på 3,54,23. Med det vann han løpet med over 3 sekund.

    I dag, laurdag 19.april,  sprang Harald inn til seier på 3000m hinder med tida 9,06,47 og var med det over 11,5 sekund foran nr 2 i løpet. Det var ein sjenerande vind på banen, nokok som gjorde at forholda ikkje var heilt optimale i dag. Alt i alt to gode konkurransar av Harald som no ser fram mot Drake Relays i Des Moines neste helg.

    19.04.2014
  • På veg til høgdetrening

    I dag setter Tom Erling Kårbø seg på flyet til USA og høgdetrening i Flaggstaff i staten Arizona. I lag med fleire av dei beste mellom- og langdistanseløparane i Noreg skal han i dei 3 neste vekene opphalda seg på rundt 2000 moh.

    13.04.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat frå Sioux City relays

    I helgens stemne, Sioux City Relays, sprang Harald Kårbø 1500m og han kom i mål på tida 3,53,31, som er ny personleg rekord med over 3 sekund. Med det plasserte han seg som nr 5 på øvelsen og var 2,02 sek bak vinnaren. I tillegg var han med på spyd og her kasta han 39,05 m, noko som holdt til 18.plass.

    13.04.2014 |Nils Hetleflåt
  • NM terreng stafett på Stord

    Terrengstafetten for kretslag under 2.dag av NM terrengløp på Stord vart avvikla med bare 3 lag i kvar klasse. Underlaget var vanskelegare å håndtere i dag etter nedbøren siste døgn og løypene var tyngre å springa. Sør-Trøndelag vann suverent i dameklassen, medan Hordaland sitt 1-lag vann herreklassen. 

    Resultat:

    06.04.2014 |Nils Hetleflåt
  • NM terrengløp på Stord

    Årets NM i terrengløp, kort løype vart arrangert på Stord i dag laurdag 5.april. Ein grå dag med litt regn og ein temperatur på rundt 8 grader møtte deltakarane og ei  krevande løype som holdt seg godt. Totalt var det 135 fullførande løparar.

    Resultata finn du her.

    05.04.2014 |Nils Hetleflåt
  • NM terrengløp på Stord

    Det er no lagt inn startliste for NM terrengløp og oppdatert underpunkta informasjon, transport og løypekart/beskrivelse.

    Stord IL-friidrett ønsker alle løparar, leiarar og tilskuarar velkomen til NM terrengløp laurdag 5. og søndag 6.april på Stord golfpark. Offisiell opning av arrangementet er kl 13:00.

    03.04.2014
  • Resultat Parkløpet 2014

    Årets Parkløp vart arrangert i området rundt Stord golfpark og i eit skikkelg ufyseleg vêr kor det veksla mellom regn og sludd og ein sjenerande vind. Derfor var det kjekt å sjå så mange deltakarar i dei yngste klassane.

    Trykk her for resultata:

    22.03.2014
  • Parkløpet 2014

    På laurdag er det klart for det tradisjonsrike Parkløpet. I år er det flytta inn til området ved Stord golfklubb og det er på grunn av at NM i terrengløp skal arrangerast der helga 5.-6.april. Det er stor påmelding i dei yngste klassane og det skyldast at me har vore rundt på skulane og dreve reklame for løpet.

    Startlista finn du ved å trykka her.

    Tidsskjema for Parkløpet 2014 finn du her.

    20.03.2014 |Nils Hetleflåt
  • NCAA championship division 2

    Harald Kårbø og hans skulelag Augustana College var denne helga med på NCAA championship division 2 innandørs i Winston-Salem i North Carolina. På DMR (distance medley relay) sprang Harald ankeretappen på 1600m og det gjorde han på den sterke etappetida 4,08,33 og med det sprang han laget sitt inn til 6.plass i stafetten.

    15.03.2014 |Nils Hetleflåt
  • Klassekampen 2014

    Klassekampen 2014 vart arrangert laurdag 15.mars med 32 påmeldte klasselag frå skulane Leirvik skule, Hystad skule og Rommetveit skule for klassetrinna 3., 4, 5 og 7.klasse.

    Her er resultata.

    15.03.2014 |Nils Hetleflåt
  • NSIC Conference

    Harald Kårbø konkurrerte for skulelaget sitt, Augustana College, 28.februar og 1.mars i NSIC Championship ved Bemidji, Minnesota. På dette stemnet sprang Harald forsøk og finale på både 1000m og mile, samt 3000m.

    10.03.2014
  • Ny pers av Harald Kårbø på 3000m

    Under stemnet Nebraska Tune Up fredag kveld sprang Harald Kårbø 3000m og med tida 8,23,56 sprang han inn til 2.plass i feltet. Med denne tida satte han ny peronleg rekord med nær 8 sekund innandørs på den 300m lange rundbanen. Dette er og 2 sekund under hans tidlegare bestenotering på 3000m utandørs. 

    22.02.2014
  • På veg til treningsleir i Portugal

    I dag reiser Stord IL-friidrett til Monte Gordo i Portugal for ein 14 dagars treningsleir. Dei fleste var med på turen i fjor (sjå bilete), nye personar er Tom Erling Kårbø og Lars Lunde medan Thomas Heggøy og Joakim M. Grutle er ikkje med i år.

    22.02.2014
  • Sterke løp av Harald Kårbø laurdag 15.februar

    Nye sterke løp av Harald Kårbø i helga. Han sprang avslutningsetappen på 1600m for skulen sin Augustana College på stafetten DMR (distance medley relay) og laget vann med over 5 sek. Med dette plasserte Augustana seg på 2 plass på statistikken til division 2 i USA og er klar for NCAA finals 7.-8.mars.

    19.02.2014
  • 2 X norske rekordar av Stord utøvarar

     Haugesund onsdag 12.februar satte dei to Stord utøvarane, Oddvar Hårde og Per Gregersen, nye norske rekordar i stav i veteranklassane 45-49 og 40-44 år. Oddvar oppnådde 3,70 m og Per hoppa over 3,50m

    19.02.2014
  • Ny kretsrekord av Harald Kårbø

    På laurdag 8.februar var Harald Kårbø og sprang på Ted Nelson Classic i Mankato i Minnesota. Her viste han svært gode takter og på mile løpet vann han med tida 4,12,18 og satte samtidig ny kretsrekord innandørs for Hordaland i både U-23 og senior. Dei gamle rekordane var det broren Tom Erling som hadde frå den tida han studerte i USA.

    10.02.2014 |Nils Hetleflåt
  • Nordisk landskamp i Tammerfors

    Tom Erling Kårbø sprang på laurdag 8.februar innandørs nordisk landskamp på 1500m i den finske byen Tammerfors. Denne hallen er 300m lang, noko som er utanfor grensa til IAAF og resultata vert dermed ikkje med i den offisielle statistikken.

    10.02.2014 |Nils Hetleflåt
  • Pingvinlekene i Leikvanghallen

    Til helga vert Pingvinlekene arrangert i Leikvanghallen med IL Gneist som arrangør og Stord IL stiller med følgjande utøvarar: Ida Holm Neset, Mathias Matre, Lars Lunde, Sondre Mæland og Asbjørn Lunde dy. No med resultat.

     

    06.02.2014 |Nils Hetleflåt
  • Innandørs landskamp i Finland

    Tom Erling Kårbø skal saman med Eivind Jensen representere Noreg på 1500m under innandørslandskampen i Tammerfors i Finland på laurdag. Dette er ein landskamp mellom dei nordiske landa: Finland, Sverige, Noreg og Danmark

    06.02.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat NM innandørs på Stange

    NM på Stange er ferdig og på søndag kunne Tom Erling innkassere sin første innandørstittel på 3000m med tida 8,23,33. Han vart nr 2 i mål, men vinnaren var frå Eritrea og kunne dermed ikkje få tittelen. Harald Kårbø sprang inn til 6.plass på distansen med tida 8,35,12 og vart nr 4. i NM. Thomas M. Heggøy sprang inn til 2.plass i sitt heat og enda totalt på 10.plass med tida 2,03,76.

    Første dag av hall NM på Stange er unna gjort og for Stord sine utøvarar så representerte det i ein sølv og ein 5.plass på 1500m. Tom Erling Kårbø sprang inn til tida 3,56,66 og var med det 44 hundredeler bak vinnaren, medan Harald Kårbø sprang inn til tida 4,00,14. Det var ny personleg på begge løpararane.

    02.02.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat hallstemne 1.februar

    Årets hallstemne er vel gjennomført og det var mange gode prestasjoner på arenaen i dag. Gledeleg er det å sjå den store aktiviteten i dei yngre klassane, der mange fekk sin debut på friidrettsarenaen. Dette er eit breidde arrangement og er ei fin avveksling for treninga som er gjennomført i vinterhalvåret.

    Her følger resultata:

    02.02.2014 |Nils Hetleflåt
  • NM innandørs på Stange

    Til helga vert NM innandørs arrangert på Stange med Hedmark friidrettskrets som arrangør. Frå Stord IL-friidrett stillar følgjande deltakarar: Tom Erling Kårbø, Harald Kårbø og Thomas M. Heggøy. Tom Erling og Harald skal springa 1500 og 3000m, medan Thomas skal springa 800m. 

    31.01.2014
  • Hallstemne på Vikahaugane Stord Idrettspark laurdag 1.februar

    På laurdag 1.februar er det klart for det årlege hallstemnet på Vikahaugane Stord Idrettspark. Det er påmeldt 67 deltakarar frå følgjande klubbar: FIL AKS-77, Bremnes IL, Fitjar IL, Gneist IL, Haugesund IL og Stord IL. Det er totalt 191 startar fordelt på følgjande øvingar: 60m , kula, høgde og lengde. Fleste parten av deltakarane stiller i klassane 12 år og yngre.

    Tidsskjema for stemnet finn du her:

    31.01.2014 |Nils Hetleflåt
  • Resultat NCAA cross country i Spokane

    I flott vêr (minus 2 grader og tilnærma vindstille) sprang brødrene Tom Erling og Harald Kårbø NCAA cross country i dag. I eit over 240 løparar stort felt plasserte dei seg på 11. og 19.plass i den 10 km lange løypa og dei fekk tidene 30,38,8 og 30,58,8, medan vinnaren sprang inn til tida 29,50,1.

    26.11.2013
  • Resultat Warandeloop i Nederland

    I dagens terrengløp, Warandeloop, i nederlandske Tilburg sprang Lars Jonassen Føyen inn til ein sterk 8.plass i juniorklassen på tida 20,16 min. Med det vart han nest beste nordmann, der Kristian Tjørnhom sprang inn til 4.plass med tida 20,07 min. Vinnaren av løpet sprang inn til tida 19,40 min og han var frå Nederland.

    26.11.2013
Kontakt
Kalendar