Arego
kw:!support_us

NM senior på Askøy 29.-31. juli

30.07.2016 |Nils Hetleflåt

Under helgas NM i friidrett for senior på Ravnanger på Askøy har følgjande representert Stord IL: Tom Erlng Kårbø, Lars Lunde og debutanten Pernilla E. Epland.

På 5000m for kvinner var Pernilla med saman med 16 andre løparar på startstreken. Farten var god frå start av og Pernilla fann sin plass i felet ganske raskt. Passering 3000 m vart passert på ca10,38 min, noko som bare er ca 11 sek bak persen på den distansen og ho fekk det litt tyngre på dei siste 5 rundane. Sluttida på løpet vart 17,52,29 og det holdt til 15.plass, knappe 4 sek bak persen. Eit flott og godt gjennomført løp.

Tom Erling deltok på 5000m på denne fredagen og det var eit felt på 30 løparar på startstreken. Her vart det opna svært roleg og første 1000m vart passert på 3,12 min. Etter 4 rundar vart det ein markant fartsauke i feltet og det byrja å strekka seg ut. Tom Erling var i den første pulja og låg rundt 6- 8 plass, men då farten vart skrudd opp etter 4000m klarte han diverre ikkje å følga teten og han enda på 6.plass i løpet og fekk tida 14,33,74. 

Lars Lunde deltok i forsøksheatet på 1500m og også her gjekk det roleg i starten, men då farten vart sett opp fekk Lars problem med å halda følge og han sprang inn til 10.plass med tida 4,00,95 og ny årsbeste.

I dag var både Tom Erling og Lars i finalen på 3000m hinder og totalt var det 6 løparar på startstreken. Farten i starten var forholdsvis roleg og etter første 1000m låg dei an til 9,22 i sluttid. Etter 1400 m gjekk Tom Erling fram i tet og auka farten sakte men sikkert og då slapp alle dei andre løparane etterkvart og han kunne springe inn til ein seier på vel 15 sekund og han fekk tida 8,57,88. Lars sprang inn til 6.plass og fekk tida 9,59,34.

Kontakt
Kalendar