Arego
kw:!support_us

Perseløpet på Stord stadion 2024

02.05.2024 |Joar Hystad

Laurdag 8. juni inviterer Stord friidrett til eit festleg banearrangement på Stord stadion. Det blir sal av kaffi, kaker og brus.

Sist me hadde eit tilsvarande arrangement var i 2022 då Industriløpet-gjengen inviterte til persekveld på stadion. No satsar me på å køyra arrangementet på dagtid i strålande solskin på Vikahaugane.

Påmelding gjer du via dette Google-skjemaet. Er du medlem i eit idrettslag, kan du velga om du vil melda deg på via Google-skjemaet eller via isonen.

PS! Ved påmelding til barneløp må du legga inn namn og telefonnummer til foresatt og svara på spørsmålet som gjeld bilete.

I 2024 er alle barneløp i regi av Stord friidrett gratis å delta på. Les meir om det her.

Me oppmodar særleg dei som aldri har prøvd å springa på bane til å bli med på dette. Her er det ingen tidspress, ein kan gi seg når ein vil og det er aldri langt tilbake til start- og målområdet.

Distansar:
5000m (12,5 rundar)
10.000m (25 rundar)
Barneløp (400m/800m, valfritt)

Nøyaktig tidsskjema kjem like før løpsdagen. Arrangementet har ei tidsramme frå klokka 10:00 til 15:00.

Meir informasjon kjem på Stord friidrett si Facebook-side.

Kontakt
Kalendar