Arego
kw:!support_us

Startliste for Fossatrappo Opp

21.09.2017 |Nils Hetleflåt

No drar det seg til og Fossatrappo Opp står for tur på laurdag 23.september. Det er førehåndspåmeldt 70 utøvarar pr kl 21:00 fredag 22.september. Det er eit startintervall på 1 min mellom kvar løpar.

Dei som framleis ønsker å delta på Fossatrappo opp må no møta opp på Heio laurdag 23.september etter klokka 10:00 for melda seg på. Start for desse vert etter dei som er førehåndspåmeldte.

Betaling: Kontant eller via VIPPS

Startnummer utdeling på Heio frå kl 10:00 på laurdag 23.september

Husk å møte opp i god tid. 

Dei som møter opp for etterpåmelding har no start etter kl 12:10

Her er startliste med starttidspunkt.

Kontakt
Kalendar