Arego
kw:!support_us

Stor pers på Pernilla Eugenie Epland på 5000m på Boysen Memorial på Bislett

05.07.2018 |Nils Hetleflåt

Under kveldens Boysen Memorial på Bislett satte Pernilla Eugenie Epland ein stor personleg rekord på 5000m då ho forbetra seg frå 16,54,11 til sterke 16,21,92. Med dette sprang ho inn til 2.plass i feltet  der vinnaren Vienna S. Dahle sprang inn til 16,09,15. Utviklinga av løpet var som følger: Haren Runa S. Falch tok teten og passert første 1000m på 3,13 og ho sprang jamnt vidare og passerte 2000m på 6,28 og ved 3000m viste tida 9,48 då Runa gjekk ut av løpet. Då var feltet krympa ned til ein trio, men Vienna satte opp farten då haren gjekk ut og Pernilla og Mariann måtte sleppa. Dei neste 3 rundane vart tunge for Pernilla og rundetidene var oppe i over 82s på desse. Ho slapp og Mariann men ikkje med meir enn 20 m og så klarte ho og mobilisera på dei siste 2 rundane. Ho tok igjen Mariann 600m før mål og sprang i frå henne med 500m igjen og var over 11 sek foran i mål. 

Etter løpet var ho meget godt fornøgd med gjennomføringa av løpet sitt og tida som ho fekk.

Lars Lunde starta i lag med 25 løparar på 5000m for menn og her satte haren opp i eit 14,00 blank fart. Lars la seg på halen av tetfeltet, som talte 11 personar og han passerte første runde på 67,8 og den neste gjekk på 68,7. Ved passering 1000m på 2,50,2 måtte Lars gi ei luka til feltet og etter dette vart han springande mykje åleina. Sluttida hans vart 14,46,62 og 10.plass. Dette er 6 sek bak persen, men det er  den nest beste tida hans på distansen og det lover godt for fortsettelsen av sesongen.

Kontakt