Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø klarte EM kravet og satte ny pers

29.05.2016 |Nils Hetleflåt

Det var ein godt fornøgd Tom Erling Kårbø som sprang i mål på 3000m hinder når klokka viste 8,35,84. Det var ny personleg rekord med over 3,5 sekund, men det viktigaste av alt: det var under kravet til årets EM i Amsterdam. 

Kort resyme frå løpet. På startstreken var det 33 løparar, noko som er eit meget stort felt når me snakker om hinder løp. Tom Erling vart plassert i 2.rekke og fekk dermed eit dårleg utgongspunkt når startskuddet vart fyrt av. Farten i feltet var høg frå start av, då mange av løparane jakta både OL og EM krav. 

I feltet var og treningskameraten Bjørnar U. Kristiansen frå Sandnes og han låg ein 10 til 15 meter foran Tom Erling det meste av løpet. Ved passering 2000m på hhv 5,46 og 5,50 var dei like bak skjema som hadde ei passering på 5,45 min. Når dei passerte mål og klokka ringte så viste klokka 7,29 på Bjørnar og 7,32 på Tom Erling og begge visste at dei måtte auka farten på siste runde. Dette viste Tom Erling til gangs og med ein siste runde på 63 sek så klarte han kravet med glans, det samme gjorde Bjørnar som kom inn på 8,36,42.

"Det er dette eg har jobba for heile det siste året", sa Tom Erling etter løpet og kunne ikkje skjula kor tilfreds han var med å ha klart kravet i første løp for sesongen. Alle treningsturane og treningsleirane i høgden har gitt resultat, som saman med god kontinuitet i treninga har heva Tom Erling i årets sesong. I tillegg har han vore meir påsasseleg med å besøke fysioterapi viss det har vore tendensar til skader.

No kan han senka skuldrene og starte oppbyggingen mot EM og samtidig få konsentrert seg om avslutninga på masteroppgåva si.

 

Kontakt