Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø sprang i Heusden 21.juli 2018

22.07.2018 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø deltok på 1500m i Heusden, Belgia laurdag 21.juli 2018. Han kom rett frå høgdetreningsleiren i St. Moritz, der han hadde vore 3 veker og forberedt seg til EM i Berlin som kommer seinare i sommar.

Han var plassert i heat 2 av 4 i forøvelsane og han var den som hadde best personleg rekord av ldei 14 øparane på førehånd. Tom Erling brukte nær ein runde for å komme segi grei posisjon i feltet og den holdt han  den neste runden og ved passering 800 viste tida høge 2,02 på Tom. Farten vart auka på tredje runden og ved passering 1200m låg Tom Erling på 5.plass i rygg på Sondre Juven som vart nr 8. i junior VM i forrige veka og tida viste 3,02 på han, altså ca 59,5 på runda. Sondre gjekk opp i tet etter 1300m og Tom Erling fulgte han og kom seg opp på 2.plass rundt 150m frå mål. Dei siste 150m gjekk veldig raskt og Tom Erling kom seg opp på sida av Sondre ca 40 m frå mål og seig 7 hundredelar før han i mål på tida 3,45,13.

Etter løpet kunne han fortella at han hadde håpa på litt høgare fart på dei 2 første rundane for å kunne setta pers, men at han var godt fornøgd med avslutninga på løpet. 

No er det heim til Stord/bømlo for siste finpuss på formen før det brakar laus i Berlin 7.august med forsøk på 3000m hinder.

Kontakt
Kalendar