Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø under b-kravet til EM på 3000m hinder

01.06.2014 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø sprang 3000m hinder i den belgiske byen Ordegeem laurdag 31.mai på sterke 8,39,54 (ny pers med over 2 sekund) og plasserte seg med det på 2.plass i konkurransen. Med denne tida sprang han under b-kravet til EM i Zürich som er på 8,45,00. Dette gir ingen garanti for start i EM, men han vil gå inn på ei venteliste. Skulle han springa under 8,37,50 på seinare konkurranser i år er ha nautomatisk kvalifisert. 

Om løpet sa han at opningen den første 1000m var på ca 2,53 og han låg godt plassert frå start av. Han skimta at klokka viste ca 7,35 1 runde før mål og då satte han inn slutt spurten. Han avanserte til 2.plass, men var ca 1 sek bak vnnaren. "I dette løpet følte eg at det løsna skikkeleg og braut ein ny barriere ved å springa under 8,40" sa Tom Erling. "Det einaste eg angra på er at eg ikkje starta sluttspurten tidlegare, for eg følte at eg hadde meir krefter igjen".

Kontakt
Kalendar